Hopp til innhold

Vil legge ned pelsdyrnæringa

Miljøpartiet De Grønne meiner landbruksmeldinga for Telemark burde innehalde ein plan for styrt avvikling av pelsdyroppdrett i Telemark.

Pelsdyr

Miljøpartiet De Grønne meiner det er store etiske dilemma knytta til pelsdyroppdrett, og vil avvikle næringa i Telemark.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Den nye landbruks- og matmeldingen om landbrukets tilstand i Telemark blei lagt fram denne veka.

Ron Bruinvis

Ron Bruinvis i Miljøpartiet De Grønne i Telemark.

Foto: Knut-Øyvind Hagen / NRK

Leiar for Miljøpartiet i Telemark, Ron Bruinvis, kritiserer meldinga for å ikkje ta inn over seg kritikken mot pelsdyrnæringa.

– Eg synest landbruksmeldinga i større grad burde ta inn over seg kritikken som kjem frå organisasjonane og folk, seier Bruinvis.

Han meiner landbruksmelding frå Telemark burde ha fortalt tydlegare at det er store etiske dilemma knytta til pelsoppdrett.

– Konsekvensen må vere ei avvikling av pelsdyrnæringa, seier Bruinvis.

Leiaren i Miljøpartiet De Grønne i Telemark meiner det ikkje er nokon veg utanom, og han trur det kjem til å skje i nær framtid.

Politikarane bestemmer

Jan Thorsen (Sp)

Jan Thorsen, rådgivar i Telemark fylkeskommune.

Foto: Marianne Lande Hallingskog / NRK

Rådgivar Jan Thorsen har ansvaret for landbruksmeldinga som no er til politisk handsaming i Telemark fylkeskommune. Han tar kritikken til kunnskap.

– Landbruksmeldinga peikar på at pelsdyrnæringa er omstridd og at det er viktig å betre dyrevelferden, seier Thorsen.

Han meiner pelsdyroppdrett er ei næring som høver i Telemark, og peikar på at det er ein internasjonal marknad for sal av pels.

– Det må bli opp til politikarane å meine noko om framtida for pelsdyrnæringa i Telemark, seier Thorsen.