Hopp til innhold

Kvinner funne etter leiteaksjon

Dei to kvinnene som gjekk seg bort i Vinje er no funne i god behald av Røde Kors-mannskap. Ambulansehelikopter hjelpte til i leitinga.

vehuskjerring

Klokka 1412 fekk politiet fekk telefon frå to kvinner som hadde gått seg vill i tåka.

Dei to kvinnene gjekk i området ved Vehuskjerringi mellom Åmot og Rauland.

– Politiet er reist til staden, og Røde Kors er kalla ut med mannskap, opplyste operasjonsleiar Tor Ragnar Steffensen ved Telemark politidistrikt tidleg torsdag kveld-

To patruljer frå Røde Kors og ei politipatrulje leita i området, til fots. Politiet fortel at kvinnene er funne i god behald, og at tåka gjorde at dei kom bort frå stien dei gjekk på.

– Eit helikopter frå luftambulansen er straks framme i området, sa Steffensen til NRK klokka 18.15. Men det var altså Røde Kors-mannskap som fann dei to kvinnene tjue minutt seinare. Dei blir no følgde ned frå fjellet.

Fordi kvinnene måtte spare på batteriet til mobiltelefonen, avgrensa telefonkontakten under leitinga etter dei.



Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark