Nå ber dei styret om å sørge for at sjukehusleiinga tilsett fleire faste legar.
- Det er farlig å seie det, men eg trur kirurgisk avdeling ved Rjukan sjukehus kan få færre tilvisingar. Og at det igjen fører til at avdelinga blir lagt ned, seier Arild Standal.
Per Christian Voss er direktør for Blefjell sjukehus. Foto: NRK
Han er foretakstillitsvald i Sjukepleiarforbundet for alle tre sjukehusa i helseforetaket Blefjell sjukehus.
Inge fare for kirurgisk avdeling
Per Christian Voss er direktør for Blefjell sjukehus. Han seier at det ikkje er snakk om å legge ned avdelingar, og at det blir jobba aktivt med å skaffe faste legar.
- Det er ingen fare. Situasjonen er betre no enn den var tidlegare i sommar. Det er tilsett folk i dei aller fleste stillingane, seier Voss.
Han seier det framlies er ein del underdekning på utdanninga av nokon spesialistar, sjølv om det blir utdanna fleire enn nokon gong.