Hopp til innhold

Sakna kvinne i Bamble kom til rette

Politiet starta i går kveld taktisk etterforsking i samband med at ei kvinne er sakna i Bamble, men ho er nå kome til rette.

Leiteaksjon i Bamble

Leiteaksjonen blei samordna frå Nustad.

Foto: Theo Aasland Valen/Vika Media

Politiet tok kontakt med familie og vener for å skaffe opplysningar om kvinna. I tillegg til såkalt taktisk etterforsking søkte dei i sjøen og på land mellom Langesund og Jypleviktangen.

– Så lenge kvinna er sakna er det ikkje aktuelt å avslutte, sa operasjonsleiar Vidar Aaltvedt hjå politiet i Telemark søndag kveld.

Kvinna blei meldt sakna etter ein tur langs Rognsfjorden i ettermiddag. Det var familien som melde kvinna sakna etter at ho ikkje kom tilbake frå ein tur.

Klokka halv elleve i går kveld skreiv politiet følgjande:

Laster Twitter-innhold

Mange leita

Tjue personar frå Raude Kross, fire ekvipasjar frå Norske Redningshunder, politiet og tre politihundar leita etter kvinna. Søndag kveld har Sivilforsvaret sett opp telt i området for å forsyne leitemannskapa med varm mat.

I tillegg til leitemannskap på land søker redningsskøyte Stormbull frå Stavern frå sjåsida. Mannskapet har sterke lyskastarar og varmesøkjande kamera som og kan lokalisere personar på land.

På hyttetur

Det var familien som melde den 50 år gamle kvinna sakna.

– Det er turstiar i det aktuelle området, men terrenget er dels ulendt, og stuper bratt mot sjøen, seier operasjonsleiar Vidar Aaltvedt hjå politiet i Telemark.

Kvinna er frå Skien, og er på hyttetur i Bamble saman med familien. Den sakna har mobiltelefon, men svarar ikkje. Politiet trur at grunnen kan vere at batteriet er tomt.

Godt kledd

Den sakna er 1,64 meter høg, og har mørkt hår. Familien opplyser at ho er godt kledd, og at ho har på seg ei grøn jakke.

Det er opphald, minus fem grader og lett bris i leiteområdet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark