Telemak Vegkontor meiner at Tinn kommune bør betale ein eigendel på 15 millionar kroner, eller like mykje som fylkeskommunen betaler.
Ordførar Berit Stormoen seier at det ikkje er aktuelt å betale meir enn dei fem millionane Tinn alt har lagt i potten.
Heile veganlegget er kostnadsrekna til rundt 70 millionar kroner.
Pengane skal brukast til å ruste opp den smale og rasfarlege vegen frå Rjukan til Svineroi. Dette er nødvendig for å gjennomføre turistutbygginga i Gausta-området.
I tillegg til pengar frå Telemark fylke og Tinn kommune skal anlegget delfinansierast med bompengar.
Finansieringsplanen blir lagt fram for Telemark fylkesting i juni.