NRK Meny
  • Dømt for vald og bortføring

    Ein mann i 40-åra frå Porsgrunn er i Nedre Telemark tingrett dømt til to år fengsel for vald, bortføring og truslar. Han må òg betale 80.000 kroner i erstatning. Tiltalte skal ha mishandla ein annan mann og låst han inne i eit bustadhus.

  • Uvisst for OL-søknad

    Torsdag avgjør styret i Norges idrettsforbund om Telemark kan gå vidare med planane om eit vinter-OL i telemark i 2026. Prosjektleiar for OL-planane Geir Berge Nordtveit seier at utfallet av møtet er uvisst.

    Geir Berge Nordtveit
    Foto: Berit Heggholmen / NRK
  • Mista retten til å køyre bil

    Ein polsk mann er i Nedre Telemark tingrett dømt til fengsel i 18 dagar for å ha køyrd bil medan han var påverka av narkotika. Mannen mistar òg retten til å køyre bil i Noreg for alltid.