Hopp til innhold

Vellykka redningsaksjon på Rjukan – klatrar falt 30 meter

Ein 22 år gammal klatrar frå Sør Korea er henta ut med helikopter frå ulykkesstaden. Hovudredningssentralen takkar lokal gruppe for hjelp under aksjonen.

Aksjon Rjukan

Fleire naudetatar deltok under aksjonen

Foto: Odd Arvid Dalen

Klokka 17:40 melde politiet at det hadde vore ei ulykke på Rjukan, der ein isklatrar hadde falt 30 meter.

Det blei sett i gang ein redningsaksjon for å få klatraren ut.

– Me vil takke alle som deltok i aksjonen. Spesielt den lokale klatregruppa og brannvesenet, som kom først fram til ulykkesstaden, seier Edvard Middelthon i Hovudredningssentralen.

Vanskeleg terreng

Det er vanskeleg terreng der klatraren falt. Først prøvde naudetatane å få personen ut med luftambulanse, men det gjekk ikkje på grunn av vanskelege forhold.

Planen blei difor å sende eit Sea King-helikopter frå Rygge.

Klokka 1945 seier Hovudredningssentralen at klatraren er om bord i helikopteret.

– Vedkommande har vore vaken heile tida, og blir nå flydd til sjukehuset i Skien, seier Middelthon.

Det er framleis ikkje kjend kva skadar klatraren har fått, men Middelthon opplyser at klatraren kunne stå oppreist, men hadde vanskeleg for å gå for eigen maskin.

Personen som melde om ulykka sa også da, at skadane ikkje var livstrugande.

Sjukehuset Telemark opplyser til NRK at mannen slapp frå ulykka med lettare skader.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark