SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Familien har fått avslag på søknaden om opphaldsløyve, blei igjen i kyrkja etter gudstenesten sundag.
Soknerådet i Kviteseid nektar ein familie kyrkjeasyl.
No har soknerådet gitt familien frist til laurdag med å forlate kyrkja. Men familien fryktar for liva sine om dei blir sendt tilbake til heimlandet.
- Å dra tilbake til Pakistan tyder døden for oss. Me er redde for kva dei vil gjera med ungane våre, seier far i familien, Mohammad Iqbal Khatan til Vest-Telemark Blad.
Konverterte til shia-muslim
Kona Bushra Khatana fortel at familien, som den gongen hadde fire barn, kom til Noreg i 2002.
I nærare to år har dei budd på asylmottaket på Brokefjell. Yngste sonen, Abdullah, er fødd her i landet.
Paret forklarar at grunnen til at dei har søkt tilflukt i kyrkja er at Mohammed Iqubal var sunni-muslim. Då han gifta seg med Bushra konverterte han og blei shia-mislim som kona.
- Det har skapt store vanskar, seier han.
I alt seks familimedlemmar er drepne. Mellom anna svogeren og ein son.
- Desse drapa var eg vitne til. Eg har fått beskjed om at dersom eg vitnar vil eg li same lagnad, seier han.
Føler med redde menneske
For soknerådet er dette ei vond sak. Sokneprest Kjell Arne Norum fortel at soknerådet har gjort eit vedtak same dagen som familien søkte tilflukt i kyrkje, om å ikkje gje dei løyve til kyrkjeasyl.
- Me føler med menneske som er redde, men det er inga løysing å gå i kyrkjeasyl, seier Norum.
Vedtaket i soknerådet er gjort mellom anna med bakgrunn i dei sanitære tilhøva i kyrkja. Det er ikkje toalett i bårehuset.
- Dessutan viser erfaringane born tek varig skade av å opphalde seg lenge i kyrkjer, seier Norum som fortel at soknerådet har teke kontakt med helse og barnevernet for å yte hjelp.