Hopp til innhold

Stal diamantar og gull – ingen spor etter tjuvane

Diamantar og unike gullsmykke til ein ukjend verdi blei stole frå ein lokal gullsmed i Porsgrunn i natt. Dette er tredje gong gullsmeden opplever innbrot i butikken.

Innbrot i gullsmed i Porsgrunn

Gullsmed Eivind Toska tykkjer det er trasig å oppleve innbrot nok ein gong.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Natt til måndag har ein eller fleire tjuvar brote seg inn i Toskas Gullsmie i Porsgrunn. Rundt 02:30 blei det kasta ein stor stein inn gjennom ruta til gullsmeden.

Det blei også knust eit glasmonter inne i butikken.

Vektaren som hadde ansvaret for gullsmeden var rett nede i gata da alarmen gjekk, men han rakk likevel ikkje fram.

– Det er proffe folk som har gjort det, sidan alt var over på 2–3 minutt, seier gullsmed Eivind Toska.

Den lokale gullsmeden fortel at det er ulike gullringar, gullkjede og armband som er borte. Fleire av smykka har han laga sjølv, men det er for tidleg å seie kor store verdiar som har blitt borte.

Innbrot i gullsmed i Porsgrunn

Tjuvane knuste ruta på døra for å kome seg inn i butikken.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Fleire innbrot

Det er ikkje fyrste gong gullsmeden har opplevd at nokon har prøvd å bryte seg inn i butikken.

To gonger tidlegare har tjuvar prøvd å slå inn vindauga med både stein og øks.

– Eg har slutta å stille ut gull i vindauga. Berre sølv, seier Toska.

Men det er fyrste gongen noko faktisk har blitt stole frå butikken. Gullsmeden prøver likevel å halde motet oppe.

Toske håper nå at overvakingskamera i område vil hjelpe politiet å fakke tjuvane.

Politiet veit framleis ikkje kven som står bak innbrotet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark