Hopp til innhold

Endeleg kvitt høgspenten

I Dalsbygda rett utanfor Skien har høgspentleidningane nærast subba hårtustane på folk. Etter mange års kamp er endeleg kablane borte.

Etter ein lang kamp forsvinn endeleg høgspentmastene frå Dalsbygda utanfor Skien.

No slepp familien Langeland å ha høgspentleidningar hengande over hovuda. Foto: Berit Heggholmen.

Det har vore ein lang kamp for familien Langeland og dei andre innbyggjarane i Dalsbygda. No er dei glade for at høgspentmastene endeleg vert borte.

– Alle grunneigarane har stått samla, seier Christin Lund Langeland.

Sjå tv-saka over.

God dialog

Ho får støtte av mannen sin, som seier dialog har vore løysinga på problemet.

Fordelingsmast Statnett

Det er desse mastene som no fører straumleidningane utanfor Dalsbygda.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det nyttar ikkje å berre kritisere. Me har komme med alternativ til der leidningane har gått, og det har fungert, seier Hans Jørgen Langeland.

Han får støtte av Even Vandbakk i Statnett, som seier det var god dialog og ein heilskapsvurdering som var årsaka til at høgspentlinja vart flytta.

Slik rivas mastene

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark