NRK Meny
Normal

Skadedyrfirma har undersøkt Fjordlineferja

Fjord Line har nå fått ein rapport frå skadedyrfirmaet som har undersøkt Bergensfjord tysdag ettermiddag og natt til onsdag.

Tommy Bless

Tommy Blesse og kollegaene i Anticimex har undersøkt Bergensfjord.

Foto: Roald Marker / NRK

Skadedyrfirmaet gjekk i land i Stavanger etter å ha undersøkt båten med alt tilgjengeleg utstyr mellom Langesund og Hirtshals og til Stavanger etter ein skorpion eller eit edderkoppliknande dyr.

Les også:

Ein åtte år gamal gut blei tysdag biten av eit dyr som mange vaksne meiner at såg ut som ein skorpion då ferja var på veg frå Hirtshals til Langesund. Ferja snudde og guten blei frakta i ambulanse til sjukehus.

Gert Balling, adm, dir. Fjordline Danmark

Gert Balling i Fjordline i Danmark.

Foto: Gert Laursen

Guten blei seinare på dagen utskriven frå sjukehuset i god form, og reiste saman med mora til Langesund onsdag med Stavangerfjord.

– Vi har sørga for at mora fekk overnatting og mat i Hirtshals og ny billett heim, seier direktør i Fjordline i Danmark, Gert Balling.

Fått rapport frå skadedyrfirma

Då ferja onsdag morgon kom til Stavanger, klokka kvart på ti, gjekk skadedyrfirmaet i land og leverte ein rapport til Fjordline.

Anticimex har hatt to personar om bord som har leita etter det som skal ha vore eit skorpionliknande dyr i det området om bord der guten blei biten.

– Dei har undersøkt området grundig fleire gonger. Området er blitt mørklagt og undersøkt med UV-utstyr, og då ville ein skorpion blit sjølvlysande om denhadde blitt treft av lyset, seier Balling.

Som har fått desse opplysningane av ein biolog i skadedyrfirmaet Anticimex.

Har ikkje funne noko

– Det er ikkje funne noko dyr, krypdyr eller skorpion eller liknande. Og viss det skulle vere ein skorpion så opplyser skadedyrfirmaet at det ikkje eit klatredyr som kan krype opp på stolar og bord, seier Balling.

Han fortel at alle vassrette flater er undersøkt om bord på båten.

– Anticimex har sagt til oss at området er sikkert, og det er nå opent for publikum igjen, seier Balling.