Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Har hytte i skredområde reporter Solfrid Øverbø
- Kommune: Tinn
Hytta til Berit og Thorleif Eriksen i Sansetdalen i Tinn kommune ligg i eit område som er klassifisert som skredfarleg.
Hytteeigarane reagerer fordi dei meiner at dei ikkje har fått beskjed av kommunen om dette.
Nå fryktar eigarane at hytta deira vil få lågare pristakst på grunn av skredfaren.
Har ikkje fått opplysningar om skredfaren
Hytteeigar meiner Tinn kommune ikkje har informert om skredfaren der hytta ligg. Foto: NRK
- Vi har aldri fått opplysningar om skredfaren av Tinn kommune. Det virker som dei har lagt lokk på desse opplysningane. Det er veldig rart at vi som har hytte i området ikkje har fått opplysningar om dette.
Det sa Berit Eriksen som har hytte i Sansetdalen i Tinn.
Berit og Thorleif Eriksen er frå Sandefjord i Vestfold og fekk byggeløyve for hytta i 1998. Bare nokre år tidlegare gjekk det eit ras om lag 2 km aust for hytta.
Reagerer på mangelfull informasjon
Nå reagerer dei på det dei meiner er mangelfull informasjon.
- Vi eg skal selje hytta igjen så må eg opplyse om at hytta ligg i eit område som er klassifisert som skredfarleg område. Og då vil jo verdien på hytta gå ned, seier Eriksen ventar eit svar frå Tinn kommune og håpar at dei vil ta ansvar.
- Vi hadde ikkje vore interessert i tomta ein gong om vi hadde fått vite at den låg i eit snøskredfarleg område, seier Eriksen.
Kommune meiner dei har informert
Odmund Olesrud i landbrukskontoret i Tinn Kommune hevdar at alle registrerte hytteeigarar har fått invitasjon til eit møte i juli i 2004, der fagekspertar frå Norsk Geologisk Institutt (NGI ) la fram ein rapport.
Rapporten inneheld ei orientering om dei skredfarlege områda.