Hopp til innhold

Utvinning av sjeldne metall kan vere miljøbombe

Under jorda på Fensfeltet i Telemark kan det ligge metall for milliardar av kroner. Men miljøet kan bli skadelidande dersom skatten skal gravast opp.

Fensfeltet

STORE VERDIAR: Prøveboringar har vist at det kan ligge store verdiar i bakken på Fensfeltet i Ulefoss.

Foto: Martin Torstveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Verken smarttelefonar, datamaskiner eller hybridbilar fungerer utan såkalla sjeldne jordartsmetall. I førre veke blei det kjent at desse metalla beviseleg finst i store mengder i Nome i Telemark.

Men fleire er urolege for miljøkonsekvensane dersom ein skal vinne ut desse verdifulle metalla. Andre stader i verda er det store sår i landskapet etter slik gruvedrift.

– Me har sett korleis gruveindustrien over hele verda har ført til store miljøproblem og konflikt med lokalbefolkninga, seier Anja Bakken Riise, leiar i Framtida i våre hender.

Miljøorganisasjonen er ikkje i utgangspunktet imot gruvedrift. Men dei meiner det må stillast strenge krav til drifta, og at det blir teke omsyn til lokalbefolkninga.

Anja Bakken Riise er leder i Framtiden i våre hender

– ​​​​​​​ Gruvedrift i Telemark vil ikkje løyse verdas etterspørsel etter sjeldne metall, viss det ikkje også blir satsa på intelligent design som gjer resirkulering av metalla mogleg, seier Anja Bakken Riise i Framtida i våre hender.

Foto: Selma Joner / NRK

Kina har monopol

I dag har Kina så å seie monopol på verdsmarknaden, og Europa har ingen produksjon av desse metalla.

Næringsdepartementet håpar funna i Telemark kan gje mange lønsame arbeidsplassar og eksportinntekter for Noreg.

Men miljøkonsekvensane lokalt kan potensielt også bli store ved slik gruvedrift.

– Ingen vil ha dette i eigen bakgard, seier Morten Schaanning ved Norsk institutt for vassforsking.

Det er framleis usikkert kva som finst i bakken, men utvinninga av metalla vil føre til store mengder gruveavfall som må handterast og lagrast.

Gruveavfallet kan også innehalde radioaktive stoff. I tillegg kan svevestøv bli eit problem.

Morten Schaanning

Avhengig av kva som finst i bakken og handteringa av det, kan gruveavfall skape langvarige forureiningsproblem, seier Morten Schanning, seniorforskar i Norsk institutt for vassforsking (Nina).

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Kommunen skal ikkje bli eit gruvehol

I Nome slit dei frå før med etterverknadene frå gruvedrifta på Søve. Sidan 60-talet har haugar med radioaktivt gruveavfall derfrå vore ei plage for kommunen.

– Derfor er me opptekne at alt no skal gjerast på den rette måten. Me har forventningar om at Nome ikkje skal sjå ut som eit stort gruvehol, seier ordførar Bjørg Tveito Lundefaret.

– Heldigvis finst det klare reglar og godkjenningar som må til før nokon kan setje i gang her. Me er vertskommunen for desse verdiane og skal ikkje bli sitjande igjen som den store taparen, seier Lundefaret.

– Å la det ligge er å lukke augo

Sverre Alhaug Høstmark, fagsjef for miljø i Norsk Industri, er klar på at ei gruvedrift ikkje vil bli gjennomført dersom miljøkonsekvensane er for store. Skulle det bli gruvedrift vil det også vere med dei strengaste miljøvilkår.

Samtidig har Noreg eit ansvar, meiner Høstmark:

– Å ikkje vinne ut desse metalla dersom det er mogleg vil vere å lukke augo for korleis mineral blir framstilt i andre delar av verda. Me veit at andre delar av verda har andre standardar når det gjeld miljø.

Røe Isaksen: – Må løfte blikket

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner Fensfeltet er spennande i ei verd med stor etterspurnad etter mineral.

– Fensfeltet er eitt av dei mest geologisk interessante og rike områda vi har i Europa. Det er ein av grunnane til at regjeringa løyvd pengar til å kartlegge mineralførekomstane der. seier statsråden.

Han understrekar at det ikkje er nokon tvil om at gruvedrift har store lokale miljøkonsekvensar. Likevel meiner han at ein må løfte blikket, sidan grøn teknologi er avhengig av ein del mineral.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark