Hopp til innhold

Fryktar for velferden

Mangel på arbeidskraft kan gå ut over konkurranseevna og velferden her i landet.

Terje Tønnessen
Foto: Anne Lognvik / NRK

Det er stor mangel på arbeidskraft i Grenland.

Over 800 stillingar var ledige i Grenland i mars månad. Samstundes var det 1000 arbeidsledige. 

 

Mangelen skaper problem

Likevel har talet på ledige stillingar auka enormt, seier fylkesdirektør i NAV Telemark, Terje Tønnessen.

- Auken er nesten på femti prosent når det gjeld nye stillingar samanlikna med i fjor.

Tønnessen seier det er over ti år det har vore så mange ledige stillingar.

Mangelen på arbeidskraft skaper problem i helsesektoren, byggesektoren og industrien.

Kan gå ut over velferden

Brevik-gruppen er ein av bedriftene som slit med å skaffe nok arbeidskraft.

- Vi har som mål å auke arbeidsstokken med 30 til 50 personar, seier direktør Lars Stärk.

Tønnessen trur det kan gå ut over konkurranseevna og velferdstilbodet her i landet om ein ikkje får tak i den arbeidskrafta som er etterspurt.

 

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark