– Regjeringa tek ikkje tunneltryggleik alvorleg nok

Frp kritiserer regjeringa for å ikkje ta tunneltryggleik alvorleg nok. Dei vil ha raskare gjennomføring av EU-direktiv for tunnelsikring.

Gudvangatunnelen

Det tok til å brenne i Gudvangatunnelen femte august.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK
Ragnar Luraas
Journalist
Lars Hansen
Journalist

Tal frå Statens vegvesen viser at 200 av 253 vegtunnelar ikkje tilfredsstiller EU sine krav til tryggleik.

Bård Hoksrud

Bård Hoksrud meiner regjeringa burde satse meir på tunneltryggleik

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRK

Samferdselspolitisk talsmann i Framstegspartiet, Bård Hoksrud, kritiserer regjeringa for å ikkje løyve nok pengar.

– Det er veldig alvorleg, og det er mange som er utrygge når dei køyrer gjennom tunnelar. Det er eit enormt behov der ute som vi som politikarar må ta på alvor. Vi har hatt to ulykker på kort tid, det er eit varsku om at nå må vi ta tunneltryggleiken på alvor, seier Hoksrud.

Tre prosent av ulykkene skjer i tunnelar

Bård Hoksrud kritiserer den politiske handteringa etter ulykka i Gudvangatunnelen, og meiner tryggleiken i norske vegtunnelar ikkje blir tatt alvorleg nok.

– Eg blei ganske overraska når både statsministeren, samferdselsministeren og vegdirektøren seier at berre tre prosent skjer i tunnelar, derfor har vi ganske trygge tunnelar, seier Hoksrud.

Terje Lien Aasland

Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Terje Lien Aasland, avviser at regjeringa ikkje bryr seg om tryggleiken i norske vegtunnelar.

Foto: Knut Falch

Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Terje Lien Aasland, avviser at regjeringa ikkje bryr seg om tryggleiken i norske vegtunnelar.

– Vi er oppteken av trafikktryggleiken totalt sett, derfor har vi også satsa mykje meir på samferdsel dei siste åra. Det er ein realitet at dei fleste trafikkulykker ikkje skjer i ein tunnel, men det betyr ikkje at vi nedprioriterer tryggleiken i tunnelar.

Frist til 2019

Tal frå Statens vegvesen viser at berre 200 av 253 norske vegtunnelar tilfredsstiller EU sine krav til tryggleik i vegtunnelar. Og det vil koste sju milliardar å oppgradere vegtunnelane. Hoksrud meiner pengane må kome på plass.

– Vi veit nå kvar problema er. Nå må vi løyve pengar så vi får trafikksikre tunnelar, seier Hoksrud.

Men Lien Aasland vil vente på handlingsplanen for oppgradering av vegtunnelane som vegvesenet skal presentere på nyåret.

– Det er ikkje pengane det står på. Med over tusen tunnelar her i landet og mange mil med tunnel, seier det seg sjøl at det vil ta noko tid. Men vi kjem til å innfri den fristen som EU har sett innan 2019.