Hopp til innhold

Har parti - manglar kandidat

Dei politiske partia i dei mindre kommunane har problem med å skaffe folk til vallistene. Fylkessekretær Odin Adelsten Bohmann i Telemark Arbeiderparti meiner at mangel på kandidatar kan svekke folkestyret.

Odin Adelsten Bohmann

Odin Adelsten Bohmann i Telemark Arbeiderparti meiner det vil svekke det politiske ordskiftet, dersom dei mindre partia fell ut av kommunestyra.

Foto: Kristin Rivrud Møller / NRK

I Seljord må partia stille med minst åtte namn for å få godkjent liste til kommunevalet. Ein ringerunde til dei seks partia som er representert i kommunestyret i dag, syner at alle slit med å skaffe kandidatar.

Les også:

Ungdomen seier nei

Mogens Iversen

Det er vanskeleg å rekruttere yngre til politisk arbeid, seier Mogens Iversen i Seljord Framstegsparti.

Foto: Aasmundsens bakeri

Mogens Iversen er leiar i Seljord Framstegsparti. I dag har partiet to representantar i kommunestyret.

– Interessa for politikk minkar. Dei fleste medlemene våre er over 60 år, og det er svært vanskeleg å rekruttere yngre medlemer. Dei vil gjerne røyste på Framstegspartiet, men dei vil ikkje vere aktive, seier Iversen.

SV kan falle ut av kommunestyret

Fenomenet råkar også Seljord SV, som tradisjonelt gjer gode val i Seljord. Men ved kommunevalet om eitt år kan partiet få problem, seier Lita Sandsdalen Lind i Seljord SV.

– Folk føler at dei har nok oppgåver som dei har, seier Sandsdalen Lind.

– Tyder det at Seljord SV ikkje stiller liste til kommunevalet?

– Det er godt mogeleg. I dag ser det i alle høve mørkt ut.

Åsmund Høgetveit er leiar i Seljord Venstre.

– Folk er mest opptekne av å reise til Syden. Det er ikkje naudsynt å engasjere seg politisk for å løyse slike problem, seier Høgetveit.

Råkar mangfaldet

Fylkessekretær i Telemark Arbeiderparti, Odin Adelsten Bohmann, meiner at problemet særleg råkar mindre parti i små kommunar. Over tid vil dette svekke folkestyret, meiner Adelsten Bohmann.

– Det er ein tankekross at engasjementet på sosiale medium aukar, samstundes som folk seier nei til politiske verv. Det kan føre til ei skeivdeling, der store grupper ikkje er representert i politiske organ.

Tyder det at folkestyret blir svekka?

– I fyrste omgang kan det føre til at dei mindre partia blir utradert frå kommunestyra i dei mindre kommunane. Det svekker mangfaldet i den politiske debatten, seier Odin Adelsten Bohmann.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark