NRK Meny
  • Meld ifrå om iskøyring

    Politiet i Bamble oppmodar folk til å seia ifrå om dei ser at det blir køyrd bil på islagde vatn. Tidleg i februar i år døydde ein 17 år gamal gut i ei ATV-ulykke på Ringsjøvatnet i Bamble, og politiet seier at slik køyring er meir vanleg enn dei fyrst trudde.

  • Politiet ynskjer tips

    Politiet etterlyser ein person etter at ein mann vart slått med balltre ved Circle K i Bø rundt halv tre i natt. Gjerningsmannen hadde svart kaps, grøn jakke, kvite hanskar og ein svart bag. Han hadde skjegg og var mørkhuda, ifølgje fornærma.

  • Brevik best eigna

    Bellona meiner at Brevik er den beste staden for eit avfallsdeponi for farleg avfall, skriv Porsgrunns Dagblad. Bellona føreslår at staten overtek rettigheitene til bruken og drifta av gruvene i Brevik.