Språkleg schizofren

25-åring debuterer med roman om krigen i Afghanistan. Skriv på nynorsk og bokmål i same bok.

Helga Flatland
Foto: Aschehoug

- På barneskulen blei me spurt om kva me skulle bli når me blei vaksne. Eg svara journalist, men meinte eigentleg forfattar. Det gjekk det ikkje an å skrive.

Det fortel Helga Flatland, som no har fått oppfylt draumen ho har hatt sidan ho var barn.

Denne veka debuterer ho med roman på Aschehoug forlag.

Ikkje mamma og pappa

25-åringen fra Flatdal i Telemark har bachelorgrad i språk frå Bergen, og har i tillegg tre års utdanning bak seg på tekstlina på Westerdals i Oslo.

- Det handlar ikkje om mamma og pappa og søskena mine, men eg har tatt utgangspunkt i det som er kjent.

- Heimemiljøet i Flatdal har prega det eg skriv, seier 25 år gamle Helga Flatland som no debuterer med roman på Aschehoug.

Bli hvis du kan. Reis hvis du må

Det er tittelen på romanen som blir presentert på ein pressekonferanse tysdag.

- Eit meget gjennomarbeida og moge manus seier forlagsredaktør Øyvind Pharo. Då me fekk manuset i hende var me ikkje i tvil, denne forfattaren må vi sikre oss.

Den ytre handlinga er historien til tre unge norske menn som dreg til Afghanistan som soldatar. Dei misser livet då dei blir køyrer på ei landmine og kjem heim att til heimbugda i kister.

Helga Flatland

25-åringen gleder seg stort til å vise fram resultatet til venner og kjende.

Foto: Aschehoug

Kva er det som får gutane til å dra ut til eit slikt farleg oppdrag, og kva opplever dei næraste ? Det er temaet i boka som elles også tar opp tema om lausriving og frigjering frå både menneskje og eigedom.

To-språkleg

Helga Flatland er oppvoksen i ei bygd med sterk språkleg forankring i Vest-Telemark dialekten. Samstundes har ho vokse opp i ein heim der også bokmålsdialekt har stått sterkt. Det gjer at ho har skrive både nynorsk og bokmål i boka, noko som er svært uvanleg i romansamanheng.

- Eg snakkar heimedialekt med bestemor, og Oslodialekt med vennene mine, seier Helga, som no har slått seg til på Kampen i Oslo.

Aldri vore så spent i heile mitt liv

Flatland har aldri vore så spent eller gleda seg så til noko i heile sitt liv som å sjå boka ferdig mellom to permar. Enno har ikkje det skjedd. Skriving av boka tok fire månader, men alt i alt har heile bokprosessen tatt eit år.

No er ho mest spent på kva venner og kjende kjem til å sei. Mindre på aviskritikarane.

- Kanskje tenkjer dei: Å er det slik ho er, seier debutanten med eit stort smil.