Hopp til innhold

Fire personbilar i trafikkulykke

Fire personbilar er involvert i ei trafikkulykke på riksveg 36 ved Breibekk mellom Bø og Gvarv. Ein person er kjørt til sjukehus i ambulanse.

Ulykke rv 36

Seks personar var i dei seks bilane som var involvert i ulykka på riksveg 36.

Foto: Mikkel Aanderaa

Riksveg 36 varr stengt inntil vidare som ein følge av ulykka mellom Bø og Gvarv. Men er nå open igjen for trafikk. Ulykka skjedde ved Breibekk.

Laster Twitter-innhold

Politi, Midt-Telemark Brannvesen og ambulansen er på veg til staden. Det var til saman seks personar i dei fire bilane som var involvert i ulykka.

Ein person er kjørt i ambulanse til sjukehuset til Skien. Dei andre fem er sendt til legevakta i Bø og Notodden.

Politiet opplyser at årsaka til ulykka var at ein bil skulle svinge til venstre over vegen og blei påkjørt bakfrå.

Breibekk, Sauherad

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark