SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Mange av innbyggarane i Fyresdal mista straum og telefon etter eit kraftig torever i førre veke.
Fyresdal var utan telefonsamband i fem dagar på grunn av torever.
Ein av dei som mista både straum og telefon var May Britt Festevoll i Hauggrend.
- Om lenge fekk eg tilbake straumen, men telefonen fekk eg tilbake først tysdag etter ei veke.
Næringslivet hardt ramma
May Britt Festervoll synest ei veke er vel lang tid for å få tilbake summetonen etter toreveret.
Det viste seg at feilen var at linja frå sentralen var brent av. Difor blei mange ramma, også nærlingslivet i bygda.
- Det stoppar opp. Bedriftene får ikkje inn ordrar på telefaks, og dei får heller ikkje kontakt med kundane sine. Det er håplaust, seier Festervoll.
Og sjølv om dei unge har mobiltelefon, så seier Festervoll at det er mange eldre som ikkje ein gong fekk hjelp til å få tak i doktor.
Fire gonger så mange feil
Informasjonssjef for Telenor her i Telemark, Per Aril Meling, seier at mange feil på kablane etter toreveret, er årsaka til at det tok så lang tid.
- Vi hadde fire gonger fleire feil enn det som er vanleg, både før og etter helga.
Meling seier at telefonen var borte i fem dagar og ikkje ei veke.
- Normalt så rettar vi feil innan arbeidsdagen er slutt dagen etter, seier han.
Meling avviser at Telenor nedprioriterer små bygder når det er problem på telenettet.