Hopp til innhold

– Ny kontrakt er gull verdt

Ny skipskontrakt er gull verdt for tilsette ved Vard Brevik. I dag blei kontrakten på 400 millionar feira med kake.

Vard Brevik feira med kake

Verftsdirektør Lars Ivar Bøe spanderte kake på dei tilsette, og serverte klubbleiar Tor Erik Sørlie først.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Vard Brevik feira ein ny kontrakt med Island Offshore med kake i kantina fredag. Kontrakten har ein verdi på 400 millionar kroner for levering av eit avansert offshore skip.

Den nye kontrakt betyr at om lag 200 tilsette i Vard er sikra arbeid til februar 2015. I tillegg blir cirka hundre sysselsett i leverandørbedrifter.

Skroget til skipet blir bygt i Romania, og er designa av Rolls-Royce.

– Det kjennest utruleg godt for dette har vi jobba med lenge, seier Lars Ivar Bøe, direktør ved Vard Brevik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vard Brevik kakefest

Vard Brevik feira ny kontrakt med kake i kantina fredag.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Trengde ein ny kontrakt

Dei tilsette ved Vard Brevik var sikra arbeid til september 2014 før denne kontrakten.

– Så dette var noko vi verkeleg trengde, seier Bøe.

Skipsverftet i Brevik leverte det første skipet til Island Offshore i 2003, og har 24 kontraktar på levering på av offshore fartøy til selskapet. Den 9. januar neste år blir skip nummer tjue levert til Island Offshore.

Tor Erik Sørlie

Klubbleiar ved Vard Brevik Tor Erik Sørlie.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Verftsdirektøren meiner det viser at skipsverftet i Brevik kan leverer avansert teknologi og god kvalitet.

Gull verdt for tilsette

Klubbleiar Tor Erik Sørlie var veldig glad for den nye kontrakten og gav direktøren ein klem då beskjeden kom i kantina.

– Dette er gull verdt for mange tilsette. For det er lenge sidan vi har fått ein kontrakt nå, seier Sørlie.

Han er stolt over at dei tilsette ved Vard Brevik klarar å konkurrere med heile verda i kampen om nye skipskontraktar.

– Vi er kjempestolte av det vi får til her i Brevik, seier Sørlie.

Skipsverftet i Brevik har levert meir enn tretti skip til Island Offshore.

Vard brevik

Det er denne type offshore skip Vard Brevik skal levere til Island Offshore.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark