Hopp til innhold

Fyrverkeri og fest for bronse

Det var fest og fyrverkeri i Skien då Odd kom heim med bronse og den første medaljen i klubbens historie.

Created by InfoDispatcher

Odd blei feira med fyrverkeri og fest etter klubbens første medalje i eliteserien. Se bildene fra da klubben kom hjem til Skien etter at de hadde tatt en historisk medalje i eliteserien.

Trenar Dag-Eilev Fagermo synest det er stort å kunne kome heim til Skien og Telemark med bronsemedalje i eliteserien.

– Eg blir heilt rørt. Dette er utruleg, seier Fagermo.

Han meiner den historiske medaljen i eliteserien til Odd har mykje å seie for folk som støttar klubben.

– Skien er ein fotballby, og Telemark er fotballfylke. Dei er svoltne på medaljar. Men no har vi greidd det, seier Fagermo.

Les også:

(Artikkelen fortset under bilete)

Fest for Odd
Foto: Lorentz Berg / NRK

Fantastisk stemning

Kaptein Steffen Hagen skulle gjerne hatt sølv, men måtte innsjå at det blei bronse etter tap mot Molde i rosebyen.

Men Odd-spelaren sette stor pris på at så mange hadde møtt fram for å feire ein historisk medalje for klubben.

– Det er fantastisk stemning her og utruleg gøy at så mange har møtt fram her i kveld, seier Hagen.

(Artikkelen fortset under bilete)

Fest for Odd

Det var mange folk i gatene for å feire Odd sin bronsemedalje.

Foto: Lorentz Berg / NRK

– Stort for oss

Festen i gatene i Skien fekk spelarane til å gløyme at dei tapte tidlegare på kvelden i Molde.

– No skal vi juble over bronsemedaljen. Det er utruleg stort for oss, seier Hagen.

No satsar han på at klubben og spelarane vil jobbe hardt for å kunne gjenta suksessen neste år.

– Og helst kome enno høgare på tabellen, seier Hagen.

Fyrverkeri for Odd

Odd supporter nyt synet av fyrverkeri etter ein historisk medalje i eliteserien.

Foto: Loretnz Berg / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark