Hopp til innhold

Fann sakna kvinne i Porsgrunn

Politiet satte i gang ein leiteaksjon etter ei dement kvinne på 85 år.

Porsgrunn sentrum

Røde kors og Norske redningshunder har vore med på leiteaksjonen saman med politipatruljer.

Kvinna var sakna frå Doktorløkka i Porsgrunn og forsvant like før kl 0200 natt til torsdag.

Stor leiteaksjon

Ole Jørgen Lund

Operasjonsleiar Ole Jørgen Lund.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Rett etter klokka seks blei kvinna funnen i god behold ved Strandbergbutikken på Osebakken i Porsgrunn.

– Kvinna er oppegåande, men nedkjølt. Det er dei siste tilbakemeldingane eg har fått nå, sa operasjonsleiar Ole Jørgen Lund ved Telemark politidistrikt.

Han fortel at politiet kalte ut Røde Kors med sine tilgjengelege mannskap, norske redningshundar og politiets eigne hundar for å leite etter kvinna.

– Dei tilbakemeldingane eg har fått tyder på at kvinna er i god form, seier Lund.

Sendte ut etterlysing

Politiet sendte ut melding om ei kvinne som truleg hadde på seg ein blåfarga nattkjole, og gjekk utan sko. Men som kunne ha med seg ein rullator.

Politiet ba publikum som bur i området Porsgrunn sentrum og Osebakken sjekke hagar, boder og garasjer.

– Kvinna blir sjekka av helsepersonell og tilbakeført til Doktorløkka omsorgssenter i Porsgrunn, seier Lund.