Hopp til innhold

Eltilsynet fann feil ved fiskesperra i Telemarkskanalen

Eltilsynet har funne feilen ved den elektriske fiskesperra i Telemarkskanalen ved Kjeldal sluse i Lunde.

Fiskesperre i Telemark.

Feilen er funne ved den elektriske fiskesperra på Telemarkskanalen.

Foto: Fylkesmannen i Telemark

Eltilsynet undersøkte torsdag den elektriske fiskesperra. For nokre dagar sidan fekk ein mann elektrisk støt da han tok i ein stolpe nær sperra. Etter det har området ved fiskesperra vore stengt.

Det var for dårleg jording i ein stolpe ved fiskesperra der ein person fekk straum i seg, driftsansvarleg Jan Petter Enger.

Jan Petter Enger

Driftsansvarleg Jan Petter Enger.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han seier at feilen nå er retta opp og at fiskesperra no vil bli betre isolert.

Skal vere sikker

På innsida av sikringsgjerdet, der ingen skal vere, stod det ein stolpe med eit varsellys på, og denne mangla det jording på. Det er nå retta på.

Det skal vere sikkert nå, seier Enger.

Eltilsynet har også foreslått at det blir bytta ut noko av materiale på innsida av sikringsgjerdet, slik det det blir enno betre isolert.

Det skal ikkje vere mogleg å tenke seg at det skal vere mogleg å få i seg elektrisk støt, seier Enger.

Ekstra isolasjon

Han seier den elektriske fiskesperra virkar som normalt. Men området er fortsatt sperra av, mens det blir produsert nytt isolasjonsmateriale.

Det håpar eg kjem så fort som mogleg, seier Enger.

Han meiner fiskesperra nå skal hindre gjedda i å kome lenger oppover i vassdraget, samstundes som det er trygt å ferdast på Telemarkskanalen.

Styret i Telemarkskanalen er også orientert om at feilen ved fiskesperra er retta på.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark