Hopp til innhold

Hadde ikkje pengar

Næringsminister Odd Eriksen hadde ikkje med seg pengar til Grenland då han møtte lokalt næringsliv og politikarar i Porsgrunn måndag.

Trass eit sterkt press, også frå partimedlemmar i Arbeidarpartiet, ville ikkje næringsministeren tidfeste ei løysing for eit eventuelt gassrøyr.

- Vi har no ei fleirtalsregjering som er oppteken av å auke innanlands bruk av gass, og som er oppteken av å få på plass eit industrikraftregime. 

Eriksen sa at regjeringa er oppteken av næringsutvikling og vil gjennomføre det i tett dialog med partane i næringslivet og lokalsamfunnet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark