Hopp til innhold

Betaling med fingeravtrykk er populært

Lanseringa av eit betalingskort med fingeravtrykksidentifikasjon blei delt fem gonger i minuttet dei første to timane etter lanseringa.

Betalingskort med fingeravtrykk

Foto: Kurt Inge Dale, NRK

Den globale lanseringa av betalingskortet til Zwipe og Mastercard i London fredag med fingeravtrykksidentifikasjon har fått enorm merksemd over heile verda.

Det nye trådlause kortet med identifikasjon med fingeravtrykk er utvikla av Zwipe og Kim Kristian Humborstad frå Skien, i samarbeid med Høgskolen i Telemark og Mastercard.

Mastercard tar sikte på å ta det nye betalingskortet i bruk i 2016.

Les også:

Sparebanken Din i har køyrt eit pilotprosjekt med femti kortbrukarar som har testa ut kortet ved fleire serveringsstader i Bø. Og dette pilotprosjektet blei presentert i London.

(Artikkelen held fram under bilete)

Betalingskort med fingeravtrykksidentifikasjon

Det nye betalingskortet er testa ut ved fleire serveringsstader i Bø i samarbeid med Sparebanken Din.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Får mykje omtale

Prosjektleiar Runar Gundersen ved Høgskolen i Telemark har følgd med på omtalen av produktet den siste tida.

Runar Gundersen

Runar Gundersen, Høgskolen i Telemark.

Foto: Even Aarnes / NRK

– Dei første to timane etter lanseringa fredag fekk Zwipe sitt Mastercardkort over fem oppslag på internett og twittermeldingar i minuttet, seier Gundersen.

Næringslivsavisa Forbes skriv mellom anna at bruken av dette kortet vil bety at det er bortkasta tid for tjuvar å forsøke å hacke data frå den som eig kortet.

– Vi har hatt ei fantastisk lansering, seier dagleg leiar i Zwipe Kim Humborstad.

Han fortel at folk har skrive om Zwipe frå alle verdsdelar. Det er artikler i BBC, CBNC, Fortune, Le Figaro, Guardian, Mirror og mange fleire nettaviser .

– I tillegg er det saker i dei aller fleste store tech bloggane, TechCruch, Mashable og The Verge. Vår demo film er sett 17.000 ganger, seier Humborstad søndag kveld.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark