NRK Meny
Normal

Fire personar berga ut

Fire personar er berga ut av eit bustadhus som står i brann i Solumgate på Gjemsø i Skien.

Boligbrann i Skien

Bustadhuset på Gjemsø i Skien er utbrent.

Foto: Theodor Aasland Valen

Brannen blei meldt litt før klokka 18 i dag. Politiet melde fyrst at huset var overtent, men etter kort tid fekk mannskap frå Porsgrunn og Skien brannvesen kontroll med elden.

Samstundes melde politiet at fire personar, tre vaksne og eitt barn, var berga ut av huset. Ein person er sendt til sjukehus med røykskadar. Også to kattar er berga ut.

Starta i kjøkenet

Vitne på staden fortel at brannen starta på kjøkenet. Klokka 1815 melder vitne at det ikkje lenger er opne flammar, men framleis stor røykutvikling frå huset.

Det er ikkje lenger fare for at brannen skal spreie seg.