Hopp til innhold

Kan bli slutt for Bratsbergbanen i desember

Prøveperioden for drift av Bratsbergbanen tek slutt i desember 2014.

Bratsbergbanen

Det er usikkert kva som skjer med vidare togdrift på Bratsbergbanen når prøveperioden er slutt.

Foto: nils martin brandvik / nrk

Regjeringa sitt forslag til kommuneproposisjon konstaterer at avtalen om prøveperioden for drift av Bratsbergbanen tek slutt i desember 2014.

Les også: Bratsbergbanen - minutt for minutt

Samstundes opnar Samferdselsdepartementet for vidare drift på Bratsbergbanen og ønsker å diskutere dette nærare med Telemark Fylkeskommune.

Les også: Skuffende tall for Bratsbergbanen

Døra er open for vidare drift

Terje Riis-Johansen

Fylkesordførar Terje Riis-Johansen vil diskutere vidare drift med Samferdsledepartementet.

Foto: Britt Boyesen / NRK

I kommuneproposisjonen ber Samferdsledepartementet NSB om å bestille ruteleier av Jernbaneverket for vidare drift av Bratsbergbanen.

– Eg registrer at Regjeringa held døra open for vidare drift av Bratsbergbanen, seier fylkesordførar Terje Riis-Johansen i ein kommentar.

Fylkesordføraren meiner Bratsbergbanen er svært viktig for Telemark.

– Eg ser fram til møtet med Samferdsledepartementet for å diskutere korleis vi kan sikre den vidare drifta, seier Riis-Johansen.

Les også: Kritisk for Bratsbergbanen

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark