NRK Meny
Normal

Brann i brannbil på industriområde

Det brann i ein brannbil inne på Rafnes Industriområde måndag morgon. To andre brannbilar blei også skada.

Brann i brannbil på Rafnes industriområde

Det starta å brenne i ein brannbil i ein vognhall på Rafnes industriområde.

Foto: Arild Svendsen, sjefsvakt Rafnes industriområde

Politiet fekk melding om brannen 04.17 måndag morgon om at det brann i ein vognhall på Rafnes industriområde i Bamble.

– Brannen har starta i ein skumbil, seier operasjonsleiar Aadne Røilid i Sør-Øst politidistrikt.

Laster Twitter-innhold

Skal finne brannårsaka

Han fortel at brannen var sløkt av brannvesenet før politiet kom til staden. Det blei også gjort skader på to andre brannbilar som stod i vognhallen.

– Det blei også store skader på vognhallen i brannen, seier Røilid.

Politiet trur brannen kan ha oppstått med sjølvantenning i skumbilen.

– Området er no avstengt, og politiet vil undersøke nærare for å få stadfesta brannårsaka, seier Røilid.

Ingen personskade

Sjefsvakt Arild Svendsen opplyser at brannalarmen gjekk klokka 04.00 på Rafnes Industriområde.

– Brannen blei sløkt relativt raskt av den interne brannberedskapen i samarbeid med Bamble brannvesen. Ingen personar blei skadd i brannen, seier Svendsen i ei pressemelding.

Han opplyser at brannen oppstod i den eine av brannbilane i garasjen.

– Den er påført betydelege skader. Dei andre innsatsbilane i garasjeanlegget blei redda ut med mindre skader.

Svendsen opplyser at brannberedskapen på industriområdet er fullt operative basert på ei utstyrsavtale med Bamble brannvesen.

  • Får tre millioner til forskning

    Overlege ved Sykehuset Telemark Håkon Tobro har fått tre millioner kroner til forskning på slagbehandling. Forskningsmidlene skal brukes over flere år, og målet er at de skal bidra til en bedre slagbehandling i distriktene.

  • Fått i seg røyk

    En voksen og et barn tas hånd om av helsepersonell etter å ha fått i seg røyk etter en brann ved Øvre Sølen i Porsgrunn.

  • CO₂-lagring blir prioritert i EU

    Statoils plan om CO₂-lagring under havbotnen på norsk sokkel har fått status som eit prioritert prosjekt i EU. Planen er å lagre CO₂ på same måte ved norske industrianlegg, slik som Norcem i Brevik og Yara på Herøya.