NRK Meny
Normal

– Viktig å tenke ein time om gangen

– Dei har funne gode sko å gå med. Og så gjeld det å finne ein god rytme og tenke ein time om gangen, seier Hans Erik Utne før blodslitet mot Ullevål.

Hans Erik Utne

Rådmann i Sauherad, Hans Erik Utne, er teknisk arrangør for Blodslitet mot Ullevål.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

I morgon går dei glade vandrarar Eirik Haugan og Ove Mellingen av garde med kurs for Ullevål og cupfinalen.

Les også:

Haugen og Mellingen skal altså gå til Oslo.

Fjorten år sidan sist

Det gjorde dei også for 14 år sidan. Den gang var Hans Erik Utne teknisk arrangør.

Ove Mellingen og Eirik Haugen skal gå til Ullevaal

Ove Mellingen og Eirik Haugan skal gå 160 kilometer frå Skien til Oslo før cupfinalen.

Foto: Erik Edvardsen/TA

På den tida jobba Utne i idrettskretsen, i dag er Utne rådmann i Sauherad, men likevel teknisk arrangør.

– Korleis er det å få fri frå jobben som rådmann for å vere med på dette?

– Nei. Her må eg snike meg til litt fri. Så det må du ikkje seie til nokon. Men no skal ikkje eg gå innover til Ullevål.

– Får du ikkje lov til å vere med?

– Ove seier at eg berre går når det er kamera til stades, så får å ikkje fornærme Ove må eg halde meg litt i bakgrunnen. For eg trur eg er mykje kjekkare enn han, og då vil kamera ha følgt meg.

Skal gå med eit smil

– Fortel om jobben du skal gjere. For det er seriøst?

– For 14 år sidan tok eg kontakt med Eirik og Ove, for det dei to skulle gjere er noko eg har vore gjennom og kunne, blant annan etter å ha gått marsjar i militæret. For det å gå 3–4 dagar på asfalt er krevjande.

– Det går mykje på vilje, men det er også viktig å passe på beina for å unngå gnagsår. Det blir min jobb. Og så skal eg saman med Oddrane, supporterane til Odd, følgje dei heile vegen med bil og sørge for at dei har alt dei treng under marsjen for å kunne gå med eit smil.

(Her kan du følgje gåturen frå Skien til Oslo)

#nrkblodslit

For 14 år sidan var det fokus på idretten. Men no er Eirik Haugan og Ove Mellingen middelaldrande menn.

– Så rullator må vi ha tilgang til.

Får kortreist mat

– Kan alderen gjere det meir utfordrande?

– Det er to kjekke menn. No jobbar eg som rådmann i Sauherad kommune og har fått meir kunnskap om eldreomsorg og kan bidra på den måten.

Sauherad skal bidra med kortreist mat frå Årnes kafeteria og Eplemost frå Lindheim gard kvar dag.

– Så dei kjem aldri til å forlate Telemark i matvegen.

Utne meiner Ove og Eirik har gjort gode førebuingar på førehand.

– Dei har funne gode sko å gå med. Og så gjeld det å finne ein rytme og tenke ein time om gangen. Gå fem kilometer i timen, telje skritt og inspisere beina om dei er i orden.

Utne meiner denne turen frå Skien til Oslo får ein heilt annan dimensjon i dag, i og med at det går å å følgje dei på vegen på Facebook og internett.

– Det var knapt oppfunne for 14 år sidan.

Kan sitte i sofaen og følgje med

– Trur du det blir utfordrande for dei å kome fram?

Eirik Haugen og Ove Mellingen

Eirik Haugen og Ove Mellingen lada opp til gåturen med å gå på fotballkamp.

Foto: Privat

– Viljen er der. Ove er litt uroa for kroppen sin, og eg trur det blir tøffare for han å kome fram. Men bergensaren er sta og vil fram, sjølv om han må berast det siste stykket.

– Er det pinleg viss dei ikkje skulle kom fram?

– Det er ikkje lurt å vere så kjapp på veddemål, men det er jo veldig moro. Oddrane trår til og vil vere rundt dei heile vegen. Dei vil samle ein heil gjeng for å marsjere i lag med dei frå Sjølyst til Kontraskjæret på laurdagen.

Utne meiner det er betre planlagt denne gongen.

– For 14 år sidan var det meir tilfeldig. Det blir ei spennande reise, og det blir moro å kunne sitte i sofaen heime og følgje dei heile vegen.

– Onsdag drar dei av garde. Korleis vil det vere i starten av marsjen?

– Det blir fokus på mat. Klokka halv åtte om morgonen blir det egg og bacon på Dag Bondeheim i Skien. Halv ni håpar vi folk dukkar opp på Handelstorget i Skien og ønskjer dei lukke til. Og klokka ti på ni går dei frå torget. Då sender Tore Andersen dei av garde.

– Har du lyst til å gå med dei og følgje dei ut av fylket er du hjarteleg velkomen.

Også siste natta blir på Dag Bondeheim i Oslo

  • Slår sammen skattekontor

    Kommunestyret i Drangedal har vedtatt å etablere en felles skatteoppkreverfunksjon for Drangedal og Kragerø. Politikerne ønsker at det skal være en kontordag i Drangedal i uka. Etableringen skjer så fort det lar seg gjøre.

  • Gode nyheter for skogbruket

    Produksjon av biodrivstoff på Tofte i Hurum kommune er gode nyheter for skogbruket i Telemark. Det skal investeres 500 millioner kroner til å bygge et anlegg på Tofte. Olav A. Veum i AT skog og Norsk Skogeierforbund mener dette er utelukkende positivt.

    Olav A Veum
  • Vil ta imot flyktninger

    Kragerø har sagt ja til å ta imot ti flyktninger i 2018 etter anmodning fra Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, Imdi. Kragerø har kapasitet til å bosette 20, så dersom situasjonen skulle endre seg stilles disse plassene til disposisjon.

  • Trailer sperrer E134

    En trailer står og sperrer det ene feltet på E134 mellom Høydalsmo og Åmot. Vegen skal være glatt, opplyser politiet.