Hopp til innhold

Bli med inn i det hemmelege fjellet

Forsvarsanlegga inne i fjellet i Gaustatoppen i Telemark spela ein stor rolle i den kalde krigen, og i nesten 40 år var Gaustabanen stengd for alle som ikkje var tryggleiksklarert. I kveld på NRK1 klokka 20.45 kan du vere med på ein heilt spesiell reise.

Gaustatoppen i Telemark er ein av dei mest populære turistattraksjonane i landet. Grunnen til det er at toppen er lett tilgjengeleg fordi den ragar høgt over alle toppar i nærleiken. Ingen andre stader på fastlandet i Noreg kan du sjå så mykje av landet.

Det mange ikkje veit, er at dette spektakulære fjellet også har ei innside som i mange tiår var strengt hemmeleg. Inne i fjellet finst eit system av tunnelar og taubane. Lenge var anlegget stengt, men no er det ope for alle som vil ta denne vegen opp til toppen.

– Banen var jo unik i verdssamanheng. Her oppe på Gaustatoppen møtst radiolinjesystem frå nord, vest, aust og sør, fortel pensjonert verneleiar i tele- og datatilsynet i Forsvaret, Erik Gran.

Gaustatoppen er et hemmelig fjell

Sjå video:Bli med inn i det hemmelige fjellet

Les og:

Måtte overvake biltrafikk

Inne i fjellet går det tog og taubane opp til toppen. Opphavleg var det tenkt som ein turistbane, men då bygginga kom i gang blei det eit reint NATO anlegg. Dei som arbeidde inne i fjellet, måtte overvake biltrafikk opp mot fjellet for å sjå om sovjetrussiske- eller andre østblokkspionar var i området.

I programmet får sjåarane vera med på ein spektakulær tur inn i det hemmelege fjellet, og får i tillegg sjå kva det er som gjer Gaustatoppen så spesiell også for ski- og turglade menneske.

– No er vi på nøyaktig 1800 meter over havet, smiler Øystein Saugerud, som kjenner Gaustatoppen svært godt.

Kan vere farleg

I fleire år er det arbeidd med å tilretteleggje for at Gaustabanen kan bli opna for allmenn ferdsel, og slik er det no. Banen er open i feriar, og mange helgar både sommar og vinter.

I tillegg til den merka skiløypa frå Gaustatoppen og ned til Langefonn, er det skiguidar som har med seg grupper ut i dei brattare nedkøyringane.

Gaustatoppen kan vera farleg dersom ein ikkje kjenner fjellet og veit kva ein gjer, men no er det altså mogleg å få guiding slik at ein sikrare kan ta seg ned dei spektakulære utkøyringane.

Sjå heile programmet «Det hemmelege fjellet» på NRK1 klokka 20.45 måndag.