NRK Meny
  • Bil mot buss i Gransherad

    Ein buss og ein bil har kollidert på fylkesveg 37 i Gransherad. Naudetatane er på staden. Skadeomfanget er førebels ikkje kjent.

  • Ber gardeigarar rydde snø

    Gardeigarar i Skien sentrum pliktar å rydde snø frå fortaua, og å strø når det er glatt. Det seier einingsleiar Bjarne Skauen i Skien kommune. Skauen ber gardeigarane legge snøen på eigen eigedom, og ikkje måke han ut i vegen.

  • Skagerak fryktar nye straumbrot

    Skagerak Energi fryktar nye problem med straumforsyninga, dersom det kjem meir snø. Det seier kommunikasjonssjef Thor Bjørn Omnes. Omnes seier at mange tre står i fare for å knekke, og at dette kan føre til nye straumbrot.

    Helikopter strøm agder energi
    Foto: Odd Rømteland / NRK
  • Godt år for AT Skog

    AT Skog omsette i fjor meir enn ein million kubikkmeter tømmer. Det er eit av dei beste resultata i tømmersamvirket si soge, seier marknadssjef Hans Erik Røra. Røra seier at gode tømmerprisar er årsak til dei gode resultata.