NRK Meny
  • Vogntog står fast på Meheia

    Det er eit vogntog som har problem med å kome seg vidare på E134 på Meheia nær Notodden. Elles melder politiet at det ser ut til at dei andre vogntoga som har stått fast tidlegare i dag har kome seg vidare.

  • Arbeidsulykke i Porsgrunn

    Det har vore ei arbeidsulykke i Porsgrunn i føremiddag. Ein arbeider har falt ned frå 3–4 metes høgde. Politiet har vore på staden og det blir oppretta sak.

  • Black Friday er ulykkesdag

    Den store tilbodsdagen Black Friday har utvikla seg til ein av dei verste ulykkesdagane. I Telemark blei det registrert 24 ulykker i fjor. If forsikring meiner stressa bilistar på veg til og frå butikkar og kjøpesenter medfører økt risiko for ulykker.