SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Fristen for å anke gjekk ut 17. mai, og det er bare Mårfjell sameige som har anka vedtaket i villreinnemda.
Det kan bli villreinjakt på Hardangervidda i år. Avgjerda om freding er anka.
Sameiget består av private grunneigarar innanfor Tinn og Vinje kommune.
Avgjer anke på fredag
Villreinnemnda vil behandle anken fredag, og dersom det blir avslag her vil anken gå vidare til Direktoratet for naturforvalting.
Også i fjor vedtok eit fleirtal i villreinnemnda å frede villreinen. Då var det Tinn kommune og eit reinvald i Ullensvang kommune som anka vedtaket.
Resultatet vart at Direktoratet godtok anken, og gjekk inn for ein villreinkvote på 1000 dyr.
Men sidan dei fleste grunneigarane boikotta jakta vart resultatet at berre 133 dyr blei felt.
Årsaka var at mange av jegerane som hadde kjøpt villreinkort leverte dei tilbake til fjellstyra.