Gartnerieigar Per Dalene er tiltalt for ei rekkje økonomiske forhold, for brann og skadeverk og forsikringssvindel. Det er riksadvokaten som har tatt ut tiltalen for brannstifting, og strafferamma for dette er 21 års fengsel. I dag erkjente Dalene straffskuld for delar av tiltalen som handlar om fiktive fakturaer.
– Eg har ikkje noko forhold til om Dalene har gjort det eine eller det andre. Eg er her for å sjå til at bevisa er tilstrekkelege dersom Dalene skulle bli domfelt, seier Wexels.
– Ingen har lidd tap
– Men aktoratet meiner det har gode bevis?
– Eg er forsvarar for Per Dalene, og det vil kome fram fleire ting i denne rettsaka, seier Wexels.
Forsvararen legg vekt på at hovudelementet i rettsaka som handlar om brannstifting ikkje er behandla. Wexels meiner dei fiktive fakturaene har kome fram i politiets etterforsking i saka.
– Eg kan ikkje sjå at nokon har lidd noko økonomisk tap i denne saka, seier Wexels.
Wexels meiner saka har vore ei enorm belastning for Dalene, fordi det har gått svært lang tid før saka kjem opp for retten og Dalene får høve til å gje si forklaring.
Kan føre bevis
Aktor, politiadvokat Hilde Jorunn Skei Kostveit, meiner det kan føre bevis for at den tiltalte Per Dalene har skrive ut fiktive fakturaer for betydlege beløp.
– Tiltalen bygger på ei grundig etterforsking, og dei punktene vi har med i tiltalen meiner vi at vi kan føre bevis for, seier Skei Kostveit.
– Er det nokon som har meldt Dalene til politiet?
– Vi har vore i kontakt med fleire av leasingselskapa som er fornærma, så det er meldt til politiet.
– Dalene erkjente straffskuld for å ha skrive ut fiktive fakturaer for om lag 225.000 kroner?
– Det har Dalene erkjent først i retten i dag, seier Skei Kostveit.
NRK.no følger rettsaka som varer om lag fire veker.
– Kor sikre er påtalemakta på at Dalene har tent på gartneriet?
– Det er tatt ut tiltale, og vi kjem til å føre bevis i saka som vi meiner er tilstrekkeleg, ut over det må eg vise til gangen i saka.