Hopp til innhold

– Det var heilt fantastisk

– Det var heilt fantastisk med den solnedgangen vi opplevde torsdag kveld, seier Lars Torstein Momrak som var på hytta ved Møsstrond i Vinje.

Solnedgang over Møsstrond 1
Foto: Lars Torstein Momrak

– Farge spelet gjekk frå gult til oransje og lilla. Og eg har aldri opplevd så sterke fargar før.

Det starta før klokka sju om kvelden og varte til nærare klokka åtte, då sola gjekk ned i vest.

Les også: Superhøytrykket fortsetter i neste uke

Flott fargespel

Lars Torstein Momrak har hytte 1000 meter over havet ved Førnes på Møsstrond i Vinje, og seier det var heilt fantastisk det han og familien fekk oppleve denne kvelden.

– Det var klart og blikstille på Møssvatn, og dei einaste skyene var dei rundt sola i vest. Temperaturen var rundt ti grader, seier Momrak.

Momrak tok ein serie med bilete som du kan sjå øvst i saka.

– Eg har opplevd mange fine solnedgangar tidleg her frå hytta, men aldri så intenst og med det flotte fargespelet.

Truleg iskrystallar

Bente Wahl

Meteorolog Bente Whal seier solstrålane brytast gjennom iskrystallar omtrent som når dei treffer ei prisme.

Foto: Mari E. Sagedal / NRK

Meteorolog Bente Whal ved Meteorologisk institutt fortel at årsaka til det flotte fargespelet er at sola må gjennom eit tynt skylag på vegen.

– Dette skylaget inneheld truleg iskrystallar, og lyset brytast når det skal gjennom dette skylaget. Og det skaper dei flotte fargane, seier Whal.

På kvelden før sola går ned får lyset ein mykje lenger veg før det treff jorda, enn når sola står høgt på himmelen.

– Lyset og fargane blir forskjellig etter kva som det treffer på vegen gjennom atmosfæren, seier Whal.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark