NRK Meny
Normal

– Bruk så lang tid som mogleg på dette lånet

PORSGRUNN (NRK): Renta hos Lånekassen er no rekordlåg, og det er mykje å spare på å binde seg til fastrente. Det er likevel ikkje nokon grunn til å stresse med nedbetaling av studielånet.

Statens lånekasse for utdanning

HISTORISK: Dei nye rentesatsane hos Lånekassen er rekordlåge.

Foto: Lånekassen

– Eg visste faktisk ikkje om desse låge rentene, men det er jo fantastisk nytt, seier Kristine Seltveit Kåsene. Ho er vernepleiarstudent på Høgskulen i Sør-Aust Noreg.

Kåsene avsluttar utdanninga si i sommar, og da skal ho byrje å betale på eit dugeleg stort studielån.

– Eg har jo diverre eit stort studielån, så det er jo fint å få ein litt mjuk start på tilbakebetalinga, seier Kåsene.

Kristine Seltveit Kåsene

SKAL BYRJE NEDBETALINGA: Kristine Seltveit Kåsene skal snart ta fatt på studielånet.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ikkje betal studielånet fyrst

Kåsene kjem til å prioritere bustadlånet sitt no når renta er så låg, men ho trur at mange i hennar situasjon ikkje tenker slik.

– Mitt inntrykk er at mange vil bli kvitt studielånet så fort som mogleg. Eg har høyrt om folk som tek opp bustadlån for å betale ned studielånet, seier Kåsene.

Bruk så lang tid som mogleg på nedbetaling av studielånet ditt

Elisabeth Realfsen, Dagleg leiar i Finansportalen

Dagleg leiar hos Finansportalen, Elisabet Realfsen, har same oppfatning som Kåsene, og ho opplever at mange tykkjer det er plagsamt å ha studielånet ved sidan av annan gjeld.

Ho rår derimot dei som betalar på studielånet til å ikkje stresse med nedbetalinga.

Elisabeth Realfsen

TA DEG GOD TID: Dagleg leiar i Finansportalen Elisabeth Realfsen oppmodar folk til å ikkje stresse med betaling av studielånet.

Foto: Forbrukerrådet / Pressebilde

Bruk så lang tid som mogleg på nedbetaling av studielånet ditt, og dra nytte av den gåva du har fått frå Lånekassen, seier Realfsen.

Ho meiner det er andre gjeldskjelder ein bør fokusere på før ein byrjar å uroe seg for studielånet.

Kredittkortgjelda bør gå fyrst, sidan renta der kan vere skyhøg. Bustadlån skal ein også ha høgt på lista sidan ein der ofte må stille med verdiar som sikring for lånet. Det gjer ein ikkje med studielånet, det døyr med deg, seier Realfsen.

Ny ordning

Ei ny ordning som tok til i mars, har gjort rentestyringa hos Lånekassen meir marknadsstyrt. Renta er no basert på gjennomsnittet til dei fem beste bustadlåna som er registrert hos Finansportalen.

Dei nye reglane syter også for at renta hos Lånekassen alltid ligg 0,5 prosentpoeng under gjennomsnittet hos desse bustadlåna.

Det gjer at Lånekassen vil kunne gje det beste rentetilbodet i forhold til marknaden, seier Realfsen.

10 til 17. juni er den neste perioden ein kan binde renta hos Lånekassen.