SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Jubileum i Morgedal.
Det er Gudmunn Kyrkjebø er leiar for arbeidet med å skrive boka, og han er framleis interessert i å få tak i gamle bilete av skisport i Telemark.
Boka skal vere klar til hausten, og i november planlegg skikrinsen ein stor jubileumsfest i Morgedal.
Den 10. desember 1903 er stiftingsdatoen for Telemark Skiforbund, det som i dag heiter Telemark Skikrins.
Namn og organisasjonsform har skifta opp gjennom åra, og i mange år var fylkeskrinsen delt i tre, Vest-Telemark, Aust-Telemark og Grenland skikrins.
Jubileum i Morgedal
100-års jubileet blir markert 15. november med ein samankomst i Morgedal, og det var slik tanken om eit bokprosjekt dukka opp.
I komiteen for bokprosjektet sit Gudmunn Kyrkjebø, Helge Saubrekka, Halv H. Svartdal, Eivind Strondi, Bjørn Småkasin, Einar Bakka, Nils Aakre, Kjell Ebbesberg og Hans John Grini.
Boka kjem til å bli på om lag 200 sider, og arbeidet er alt i gang med å samle stoff, bilete og statistikkar til boka. Og bokskrivarane vil gjerne ha tak i aktuelle bilete og stoff som kan brukast i boka.