Hopp til innhold

Her er Bajas hos kiropraktoren

VINJE (NRK): Bajas skulle eigentleg bli redningshund. I staden har han blitt ein av dei mange firbeinte som får stadig meir omfattande helsebehandling.

Fjellveterinæren Oddrun Runde, Tone Heddeslid og Bajas

FÅR BEHANDLING: Den halte Jack Russel-terrieren Bajas blir utreda hos veterinær og kiropraktor Oddrun Runde. – Skal ein ha hund er det viktig at ein kan ta godt vare på han, meiner Heddeslid.

Foto: Randi Berdal Hagen

Glade klynkelydar fyller venterommet hos Fjellveterinæren i Vinje. Jack Russel-terrieren Bajas er ein engasjert fyr, og lograr entusiastisk når han ser døra til dyreklinikken opne seg. Ifylgje matmor Tone Heddeslid elskar Bajas å vera hos veterinær og kiropraktor Oddrun Runde.

Bajas er halt, og sjølv etter mange undersøkingar og 20 000 kroner har dei ikkje funne ut kva som gjer at draumen om å gjere Bajas til redningshund måtte leggjast på hylla.

Men verken Heddeslid eller veterinær og kiropraktor Oddrun Runde gjev opp.

– Eg brukar veterinærhatten for å finne ut kvifor han haltar, og så brukar eg kiropraktorhatten for å behandle det, forklarar Runde.

Husky hos dyrlege i Edland

Den sibirske huskyen Summit frå Valle i Setesdal er under rehabilitering. Eigar Henrik Aamlid seier han ikkje veit kor mange gonger dei har vore hos Fjellveterinæren. – Men det er mange, seier han med eit smil.

Foto: Randi Berdal Hagen

Dyra blir fullverdige familiemedlemer

Kostnaden for behandlinga av Bajas er det i stor grad forsikringsselskapet som dekkjer. Stadig fleire av hundane og kattane i norske heimar er forsikra – og talet på skadesaker som blir meldt inn aukar kvart år.

Så mykje som annankvar hund og kvar fjerde katt i norske heimar har forsikring. Og folk veit å nytte seg av forsikringane.

Agria dyreforsikring er størst innan forsikring av norske kjæledyr. I ei undersøking dei har fått utført seier over halvparten av hunde- og katteeigarane at dei har nytta seg av dyreforsikringa si. Årsaka til det er todelt, seier direktør i Agria, Christian Geelmuyden.

– Dels handlar dette om ein trend der dyret er blitt eit fullverdig familiemedlem, dels har også me i samfunnet endra syn på kor mykje smerte eit dyr skal utsetjast for, meiner Geelmuyden.

Zico hos kiropraktoren

Fuglehunden Zico frå Kristiansand strevar med høgre framfot, og eigar Terje Drolsum har køyrd opp heile Setesdalen i håp om å få han jaktklar att. Zico er ikkje forsikra, men Drolsum betalar gjerne for at jaktkameraten skal bli bra.

Foto: Randi Berdal Hagen

Betalar opptil 20 000 i året for forsikring

Gjensidige forsikring merkar den same trenden, fortel kommunikasjonssjef Arne Voll. Folk går fortare og oftare til veterinæren med dyra sine enn før. Det gjer at snittprisen på dyreforsikringane har meir enn dobla seg sidan 2009, frå under 1500 kroner i året til over 3000.

Dei dyraste forsikringane kostar rundt 20 000 kroner.

Også hos Fjellveterinæren merkar dei at folk strekkjer seg langt for kjæledyra sine. Klinikken i den vesle fjellbygda har vekse i rekordfart sidan Oddrun Runde starta åleine med ein assistent på deltid i 2015. No er dei fire tilsette, og dedikerte dyreeigarar frå fjern og nær syter for at avtalebøkene er meir enn fulle.

Fuglehund hos dyrlegen

Forsikringsselskapa dekkjer rehabilitering så lenge ein betalar for å ha det med i forsikringa. Nokre av dei dekkjer også kiropraktorbehandling, sjølv om det ikkje finst mykje dokumentasjon på effekten av dette.

Foto: Randi Berdal Hagen

Høg terskel for å avlive

I fylgje Agria er halvparten av norske hundeeigarar villige til å ta opp lån for å betale for veterinærtenester. Blant katteeigarar er låneviljen nesten like stor.

Torhild Moseng er president i Den norske veterinærforeininga. Ho er samd i at utviklinga innan folks engasjement for dyrehelse er svært merkbar.

– Folk er villige til å betale meir og gjere meir for dyra sine når dei blir sjuke enn berre for få tiår tilbake, då avliving var mykje raskare på banen som alternativ.

Eller som Christian Geelmuyden hos Agria dyreforsikring seier det:

– Det er slutt på den tida der ein skaut katten bak låven.

Veterinær Oddrun Runde, Tone Heddeslid og Bajas

Bajas må køyre i over ein time for å koma til Fjellveterinæren i bygda ved foten av Haukelifjell, men det er lite i forhold til kor langt mange andre køyrer for å kome til veterinærkiropraktor Oddrun Runde.

Foto: Randi Berdal Hagen