Måse punkterte nytt skulebygg?
Elevar ved nye Skien vidaregåande skole måtte evakuere eit klasserom under uvêret sist fredag. Årsaka er ein lekkasje i taket, skriv TA. Prosjektleiar Runar Nykvist i Skanska seier at årsaka kan vere vind, eller ein måse som har laga hol i taket.