Hopp til innhold

Brann i brøytebil i Helgen

Riksveg 36 var stengd i begge retningar i ein time ved Helgen i Nome måndag ettermiddag. Ein brøytebil hadde tatt fyr, og brannvesen var på staden og sløkte brannen. Sjåføren kom ut av bilen og er ikkje skadd.

Brøytebil tok fyr ved Helgen
Foto: Idrak Abbasov / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark