Hopp til innhold

Stolen bil stoppa i Kviteseid

Politiet melder at den stolne bilen er stoppa i Kviteseid kommune, på Rv 41 på Spjotsoddbrua. Det var tre personar i bilen, to unge jenter og ein ung gut. Bilen var stolen på Vestlandet, og var tidlegare på dagen observert i Treungen.