Hopp til innhold

Nederlaget som blei til siger

Ida Evenrød kjempa mot tårene då ho blei slått ut av Symesterskapet. Desto større blei gleda over meldinga ho fekk neste dag.

Ida Evenrød med eigendesigna topp.

Ida Evenrød fekk all grunn til å smile etter opplevinga i Symesterskapet.

Foto: Privat

Det var ikkje godt for Ida å sovne kvelden før kjolen skulle syast. Ein heil dag hadde ho fått til å planlegge ein kjole til Carina Carlsen, dama ho syntest var kul i sitt bodskap: Det er inga skam å vere stor, berre skammeleg at det ikkje finst fine klede i store storleikar.

Carina Carlsen, kunde i Symesterskapet

Carina Carlsen forklarar kva slags kjole ho ønskjer seg.

Foto: Symesterskapet / NRK

Ida følte at ho og kunden hadde forstått kvarandre, og hadde så inderleg lyst til å designe ein kjole Carina kunne føle seg vel i.

– Eg var nok veldig ambisiøs. Eg hadde også lite erfaring med stretchstoff i denim, som eg valde å bruke. Så den kombinasjonen var nok ikkje god, men eg starta veldig optimistisk, fortel Ida Evenrød, jenta frå Fredrikstad som flytta til Oslo.

Ida Evenrød designar kjole i Symesterskapet

Ida Evenrød i djup konsentrasjon ved arbeidsbordet.

Foto: Symesterskapet / NRK

Feit, men fatta

Carina Carlsen i Oslo var ikkje sein om å takke ja til å vere kunde i Symesterskapet, då spørsmålet kom. I mange, tunge år hadde ho slite med eit vanskeleg forhold til sin eigen kropp, før ho endeleg godtok seg sjølv.

Carina Elisabeth Carlsen i bikini oppblåsbar badering på stranda.

Carina Carlsen er sjølverklært kroppsaktivist.

Foto: Ann Christin Langeid

Eg kjempar ikkje for retten til å vere feit, men for retten til å vere seg sjølv og å vere glad i sin eigen kropp.

Carina Carlsen

Sitatet kjem frå Carinas nettside kroppspositivisme, der også bloggen hennar "Fet, men fattet" bur. Ein blogg som hadde styrka psyken og sjølvbildet hennar.

Så trygg blei ho faktisk at ho starta med burleskdans. Ein forførande sjanger som osar av kropp og humør.

Som karakteren Fifi von Tassel får ho gjentatt sitt viktige bodskap; Ver glad i den kroppen du har.

Fifi von Tassel i Symesterskapet

Deltakarane fekk bakoversveis av Carinas entrè.

Foto: Symesterskapet / NRK

Burlesk møter minister

Oppgåva som deltakarane i Symesterskapet fekk etter at Carina, alias Fifi, hadde dansa seg inn i studio, var klar: Sy ein kjole som Carina kan bruke på jobb som rådgjevar ved Likestillingssenteret.

– Når eg held foredrag eller møter Likestillingsministeren, treng eg ein fin jobbkjole. Det finn eg ikkje i min storleik i vanlege butikkar, fortel Carina.

Som mange andre ønskjer også ho å uttrykke sin personlegdom gjennom klesstilen, derfor skulle kjolen også ha eit snev av burleskdansaren Fifi.

Gamal kjole, ny idè

Ida Evenrød i eigendesigna kjole.

Ida syr vanlegvis berre til seg sjølv, her i eigendesigna kjole.

Foto: Privat

Ida Evenrød var, som dei fleste andre i Symesterskapet, ikkje vant med å sy til ein kunde. Derfor sugde ho til seg alle inntrykk av Carina, hugsa alt ho sa ho ønskte seg, og spurte om alt ho rakk under kundeintervjuet.

– Det var så gøy oppgåve, og eg hadde så lyst til å møte kunden på hennar behov, fortel ho.

Ida hadde eit bankande retro-hjarte, og elska 80-talsmoten. Ein gamal kjole som hang på eit gjenbruksstativ i syrommet, gav ho ein idè.

Ida Evenrød med kjolen som gav inspirasjon til design.

Ida med den gamle kjolen ho fann.

Foto: Symesterskapet / NRK

– Kjolen hadde så kul form, med flaggermuserme og lekker halsutringing, så eg bestemte meg for å designe eit mønster med inspirasjon frå den, seier Ida.

Uvant problem

Carina stod klar til å prøve kjolane etter kvart som dei tok form ved dei mange travle syborda i rommet. Ho blei imponert over all kreativiteten, og la særleg merke til Ida sin kjole.

– Den var så tøff, Ida hadde truffe godt på design og det eg ønskte meg. Og så likte eg veldig godt denimstoffet, fortel ho.

Ida Evenrød prøvar kjole på Carina Carlsen i Symesterskapet

Ida prøvde kjolen på Carina mange gongar under syinga.

Foto: Symesterskapet / NRK

Carina syntest det var deilig å komme til Symesterskapet og oppleve eit rom fullt av kjolar som blei skreddarsydd til henne.

Fleire av kjolane eg prøvde, var for store, men ingen var for små. Det er veldig uvant for meg.

Carina Carlsen

Tidsklemma

Stor blei også kjolen til Ida, det stod meir og meir klart for ho. Tida var heller ikkje på hennar side, snart stod valet mellom tilpassing eller dekor.

– Eg ville så gjerne få sydd rysjekanten fint på, og lage avtakbar pynt under bringa, men feilberekna tida, forklarar Ida.

Kjolane som blei sydde til Carina Carlsen i Symesterskapet.

Carina Carlsen trillar kjolane ut til prøving på bakrommet.

Foto: Symesterskapet / NRK

Til slutt hang dei der, ni meir eller mindre ferdige kjolar, og Carina måtte velje ein av dei. Syaren bak kjolen ville få gullsnella, ein trumfbillett som sikra syaren vidare deltaking i konkurransen.

Ida var i faresona og visste at ho trengte gullsnella for å vere trygg.

Dommar Jenny Skavlan og programleiar Christine Hope ser på kjolen som Ida Evenrød sydde til kunden Carina Carlsen i Symesterskapet.

Dommar Jenny Skavlan såg Idas potensiale, og syntest det var leit at kjolen ikkje sat som den skulle.

Foto: Symesterskapet / NRK

Samanbrot

I studio venta ni spente deltakarar på kva kjole Carina ville velje.

– Eg fekk fullstendig "breakdown" på bakrommet, mens eg prøvde den eine kjolen etter den andre. Å vite at mitt val kunne ende opphaldet for ein av deltakarane var utruleg tøft, fortel Carina.

Carina Carlsen var kunde i Symesterskapet sesong 5

Carina Carlsen nyt hausten i kjolen som Zenab Mahmood laga til ho i Symesterskapet.

Foto: Kenneth Grosvold

Til slutt falt valet på ein kjole som ho følte seg fin i, som sat perfekt på kroppen hennar og som oppfylte hennar ønske. Ida sin kjole var dessverre altfor stor.

Utan gullsnella måtte Ida pakke sakene og forlate Symesterskapet.

Ida Evenrød må forlate Symesterskapet

Gode klemmar frå resten av gjengen før Ida måtte reise heim.

Foto: Symesterskapet / NRK

Oppreising

– Der og då bestemte eg meg for at eg ville kontakte Ida neste dag, for eg syntest kjolen hennar var frykteleg fin. Kanskje ho ville skreddarsy den til meg? fortel Carina.

Det ho ikkje visste, var at Ida tenkte det same. Sjølv etter at ho måtte innsjå nederlaget og ta eit tungt farvel med dei andre, klarte ho ikkje å sleppe ønsket om å lage den perfekte kjolen til Carina.

– Eg hadde så lyst til å spørje om eg kunne få lov å sy ferdig kjolen hennar, fortel Ida.

Carina Carlsen i kjolen til Ida Evenrød i Symesterskapet

Carina syntest Idas design var både morosamt og tøft.

Foto: Symesterskapet / NRK

Neste dag sperra Ida opp auga då ei melding frå Carina tikka inn. Kunne ho tenke seg å sy ferdig den herlege kjolen? Det ville Carina i så fall betale for.

– Den meldinga var jo litt sånn "bittersweet", for tenk om eg hadde kome i mål... Men samtidig var det jo hyggeleg, rett og slett ein kjempebonus! smiler Ida.

Heim til jul?

Det har gått eit år sidan sist dei møttest, under innspelinga av Symesterskapet. Med eit samfunn under koronarestriksjonar og ei leilegheit under oppussing, har det ikkje blitt høve til å skreddarsy kjolen. Enno.

Ida Evenrød i Symesterskapet heime hos seg sjølv.

Ida vil prioritere å få ferdig kjolen til Carina.

Foto: Privat

– No har eg ein plan om at Carina skal få kjolen før jul, men du veit; meg og tidsberekning, seier Ida, og ler litt av seg sjølv.

Carina gler seg til kjolen blir ferdig, og synest det er kult at NRK set fokus på store kroppar. Men ho har ei bøn til Symesterskapet:

– Neste gong må de lage klede til tjukke menn, dei har det endå verre. Kropp er liksom eit dameproblem som det er flaut for menn å snakke om. Kven skal ta opp kampen då? spør Carina.

Sjå episoden her:

Symesterskapet episode 12