Hopp til innhold

Kontrollerte Oslos serveringsstader – fant feil hos over halvparten

Skatteetaten har kontroll på Oslos serveringsstader, men Oslos serveringsstader har ikkje kontroll på sysakene. Det er verken etaten eller kommunen fornøgd med.

Utested i Oslo sentrum

Øl og vin blir fin, vin og øl blir krøll. Og krøll var det hos mange av Oslos serveringsstadar. Biletet er berre ein illustrasjon.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Hos nokon er det snakk om ei blanding av slurvefeil og manglande kunnskap, mens eit mindretal ikkje held seg til regelverket.

Det seier ein lite fornøgd avdelingsdirektør i Skatteetaten, Erik Nilsen.

I september kontrollerte dei nemleg personallistene til 48 serveringsstader i hovudstaden.

Dei fant feil hos 31 av dei. Dei risikerer gebyr på 350.000 kroner.

– Regelverket for føring av personallister er ikkje komplisert, og har eksistert sidan 2014. Så dette bør alle verksemdene i bransjen klare å følgje, seier Nilsen.

Avdelingsdirektør i Skatteetaten, Erik Nilsen

Avdelingsdirektør i Skatteetaten, Erik Nilsen, seier funna dei har gjort viser at det er behov for fleire slike kontrollar framover.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Reglane vart innført for å hindre blant anna svart arbeid og svart omsetning, spesielt i såkalla risikobransjar.

Vurderer utvida kontrollar

Nokre av utestadane har slurva. Nokre av dei har digitale system, men ikkje lært seg å bruke dei enda.

Dei får hjelp til å legge til rette internkontrollen, eller rettleiing og opplæring.

Men nokre bryt reglane med vilje.

Og i dei bedriftene, der Skatteetaten finn grove og bevisste brot, finn dei gjerne fleire.

– Nokon ser vi at rett og slett manipulerer eller bevisst vel å ikkje følgje regelverket. Der får det konsekvensar, seier Nilsen.

Viss ei bedrift bryt reglane risikerer dei gebyr.

Ved første brot får dei ti såkalla rettsgebyr. Eit rettsgebyr er på 1243 kroner.

Dermed blir bota altså på 12.430 kroner.

Dersom dei bryt reglane ein gong til før det har gått eit år, blir bota dobbelt så stor.

– Men vi har òg ei meldeplikt til bevillingsmyndigheitene, seier Nilsen.

Kontroller av serveringsbransjen

Personallistene skal vere tilgjengelege for kontroll når bedrifta er open.

Foto: Skatteetaten

Kan miste skjenkebevillinga

Det er Næringsetaten i Oslo kommune som blant anna bestemmer kven som får skjenkebevilling i hovudstaden.

– Vi har jo eit felles mål om ei seriøs utelivsnæring, seier Britha Røkenes, direktør i Næringsetaten.

Britha Røkenes, etatsdirektør i Næringsetaten

Britha Røkenes, direktør i Næringsetaten, seier at det er viktig å luke ut dei useriøse aktørane.

Foto: Morten Brakestad

Ho fortel at det er over 1300 skjenkebevillingar i Oslo, og at dei aller fleste gjer som dei skal.

– Men der ein ikkje driv seriøst er det viktig å følgje opp. Slike brot på personallisteføringa kan i verste fall føre til at vi inndreg skjenkebevillinga, seier ho.

Men det må ei heilskapsvurdering til.

For eksempel set både serveringsloven og alkoholloven krav til uklanderleg vandel. I tillegg ser dei på lovar og reglar rundt skatt og rekneskap.

Tappekran på utested i Oslo

Gjennom kontrollane har Skatteetaten og avdekka 1,5 millionar kroner i ubetalte skattar og avgifter. Desse har dei no kravd inn. Biletet er meint som ein illustrasjon.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Derfor samarbeider Næringsetaten tett med Skatteetaten, Arbeidstilsynet og politiet.

– Ein må sjå blant anna på både kor alvorleg brotet er, når det har skjedd, og om det er eit mønster i saker som dette, før vi veit om vi kan kalle tilbake bevillinga, forklarar Røkenes.

Eit regelbrot aleine vil derfor sjeldan vere nok til at serveringsstaden mister skjenkebevillinga si.

Men dei ser ofte fleire, og det vektleggjast i heilskapsvurderinga.

– Det er noko av det viktigaste vi driv med. Å sørgje for at dei seriøse får gode konkurransevilkår, og at dei useriøse ikkje får fortsette, seier ho.