Hopp til innhold

Eit år sidan terrorangrepet: – Mange opplever at det er tøft no

Oslo kommune sett inn ekstra helseressursar for å hjelpe folk under pride.

Fire glade damer i en åpen bil som vifter med prideflagg.

Slik såg det ut i paraden i 2021. Frå 23. juni til 1. juli vil det skje ting over heile byen.

Foto: NTB

– Mange opplever at det er tøft no. Det er eit år sidan terrorangrepet, og vi har sett fleire utfall mot pridefeiringa, seier helsebyråd Marthe Scharning Lund.

To menneske vart drepne og fleire titals skadde då Zaniar Matapour skaut mot folk i Oslo sentrum 25. juni i fjor.

Skytinga skjedde utanfor London Pub og Per på Hjørnet. To kjende utestader for skeive.

No aukar Oslo kommune helseberedskapen før årets pridefeiring etter ønske frå fleire skeive organisasjonar og støttegrupper.

Det var tøft å be om hjelp

Ingrid Rasten er styremedlem i Støttegruppa etter 25. juni. Under terrorangrepet i fjor var ho på utestaden Cæsar.

Ho var ein av dei som var med på å overmanne Matapour.

Året som følgde har vore prega av opp- og nedturar. Ho fortel om ein kropp i beredskap. At ho kikkar seg over skuldra. Og at det var tøft å be om hjelp.

Ingrid Rasten, styremedlem i Støttegruppa etter 25. juni.

Under terrorangrepet i fjor var Ingrid Rasten på utestaden Cæsar.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

– Den kontakta må du ta sjølv. Eg syns personleg det var tøft, og eg har jobba innan helse i heile mitt liv. Det å ringe ned til legevakta å si at eg trengde hjelp sett langt inne, fortel ho.

Les også De overmannet terrorsiktede – kaller helseoppfølgingen skremmende

Ingrid Rasten og Jon Amund Vikan

Ingen skal stå aleine

Støttegruppa er ein av dei som har ønska hjelp frå Oslo kommune og kriseoppfølginga der.

– Vi tenkjer at vi skal vere til støtte og til stades, men vi ønska profesjonell hjelp som kan ta dei vanskelege samtalane som kan kome. Det har vi fått kjempepositiv oppbakking på, seier Rasten.

Ingrid Rasten, Espen Evjenth og Marthe Scharning-Lund utanfor London Pub.

Ingrid Rasten, Espen Evjenth og Marthe Scharning-Lund utanfor London Pub.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Oslo kommune har i tillegg skaffa seg kompetanse på det skeive miljøet, og jobba for å sette seg inn i kva problemstillingar dei kan treffe der.

– Det er fint både for gruppa som er direkte råka av terroren, men og andre skeive og alle andre der ute som kjenner på ein redsel, seier Rasten.

Det viktigaste bodskapet hennar er at ingen skal stå aleine.

Heilt ufarleg å ta kontakt

Kriseteamet i Oslo vil og vere til stades under årets feiring.

Silje Klommestein Kristiansen i kriseteamet seier at reaksjonane kan vere skremmande og ubehagelege, men ikkje farlege.

Silje Klommestein Kristiansen i kriseteamet i Oslo.

Silje Klommestein Kristiansen i kriseteamet i Oslo.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Les også Sånn blir årets Oslo-pride: – Tror det blir større enn noen gang

Fire glade damer i en åpen bil som vifter med prideflagg.

Kristiansen fortel at dei som jobbar der er godt vant til å snakke med folk, uansett livssituasjon, krisereaksjon og grad av alkoholpåverknad.

– Vi er vant til det aller meste. Det er heilt ufarleg og ta kontakt. Kom bort til oss, sei hei og ta ein prat, oppfordrar ho.