Hopp til innhold

Ber om tiltak ved Trandum

Sivilombodet ber utlendingsinternatet på Trandum å endre praksis med ein gong. Det er enno stor risiko for umenneskeleg og nedverdigande behandling av dei som er internert.

I eit brev til Justis- og beredskapsdepartementet står det blant anna at dei internerte blir fråteke mobil utan at dei tilsette har lov til det. I tillegg blir dei rutinemessig visitert, noko som heller ikkje er lov. Departementet blir bedt om å lage ein plan for å få slutt på desse regelbrota.

Flere nyheter fra NRK Stor-Oslo