Hopp til innhold

Wembley og den kvite hesten

Hesten heitte Billy. På ryggen bar han politimannen George. Ingen av dei var det aller minste interessert i fotball. Likevel var det dei å takke for at den første cupfinalen på Wembley kunne spelast.

George Scorey og Billy

BILLY THE HORSE: George Scorey og Billy blei heltane i den aller første Wembley-finale

Laurdag skal Chelsea og Liverpool møtest til årets finale i den gjevaste engelske fotballcupen.

For 99 år sidan var det Bolton og West Ham som møttest i den første og mest turbulente Wembley-finalen nokosinne.

Publikum stod så tett inntil bana at det var så godt som uråd å ta innkast, og politiet måtte rydde plass ved hjørnespark. Den aller første cupfinalen på Wembley blei i høgste grad noko for seg sjølv.

Og det fordi mørke George og lyse Billy med stort tolmod og god menneskekjensle hadde greidd det umogelege: Å rydde plass til kampen.

– Billy hadde den største delen av æra for det. Han forstod akkurat kva som var kravd av han, sa George.

Ferdigbygd på 300 dagar

Nybygde Wembley stadion stod der med sine enorme dimensjonar. 127.000 tilskodarar skulle det vere plass til. Ingen hadde sett noko liknande nokon stad på kloden.

Wembley 1923

WEMBLEY: Oversikt over det nybygde stadionet, som stod ferdig berre ei veke før finaledagen

Berre 300 dagar tok det å reise kjempestadionet, som kosta 750.000 pund (rundt ein halv milliard kroner etter dagens verdi).

Derfor blei finalen den 28. april 1923 den aller første fotballkampen på den nye bana. Byggearbeidet var offisielt avslutta berre ei veke tidlegare.

Dei tre føregåande finalane, som alle var spela på Stamford Bridge, hadde faktisk ikkje trekt fulle hus. Og med eit flunkande nytt anlegg, større enn noko anna, skulle dei greitt ta unna det meste, meinte arrangørane.

Så feil kan ein altså ta.

Folkevandring mot Wembley

Folkemasser, Wembley 1923

FOLKEHAV: Tusenvis på tusenvis korka gatene inn mot Wembley i timane før kampen

Ingen har heilt klart å forklare årsaka til den kolossale tilstrøyminga. Men nyheitsinteressa var naturlegvis enorm. Fotballforbundet (FA) hadde heller ikkje akkurat dempa forventningane til den nye arenaen. Ikkje avisoppslaga heller.

I tillegg kom at London-laget West Ham var klar for finalen, trass i at dei spela i 2. divisjon. Det trekte mange ekstra lokale tilskodarar frå Londons austlege kant. Og svært mange hadde også teke turen sørover frå Bolton i Lancashire i Nord-England.

Derfor myldra det på. Portane blei opna etter planen klokka 11.30, tre og ein halv time før planlagt avspark.

Fram til klokka var 13 gjekk det nokolunde greitt. Bortsett frå at alle gatene inn mot Wembley var korka av folk som skulle på kamp, ifølgje Sunday Post.

Komplett kaos

Så blei det verre. Mykje verre. Vaktene ved portane mista kontrollen over folkemengdene, og folk strøymde forbi og inn på bana. Andre tok til å klive over murane.

Wembley 1923

FORTVILA: Funksjonærane prøver å få publikum til å halde seg bak linjene

– Det var som om ein enorm demning brast, skreiv Belfast Post.

Ingen hadde oversikt over noko som helst.

Klokka 13.30 gjekk det ut melding til alle jernbanestasjonane: Gi beskjed til alle om at det er fullt på Wembley. Ikkje møt opp! Snu!

Men det hjelpte ikkje. For det var trass alt sett opp 117 ekstratog frå ulike stader i landet i samband med finalen.

Dobbelt så mange som det var plass til

Klokka 13.45 stengde portane. Men det var for seint. Dei fremste tilskodarane ved sidelinja blei pressa ut på bana. Då andre såg det, gjekk dei også utpå. Det tok ikkje lang tid før fleire tusen menneske var inne på sjølve bana.

Wembley 1923

BAK MÅL: Heilt inn til målburet stod publikum som ein kompakt vegg

Det offisielle tilskodartalet blei sett til 126.057, men alle forstod at det var mange fleire – kanskje det dobbelte. Det blir tippa at godt over 200.000 var innanfor portane då kampen skulle starte. Nokon meiner det var nærmare 300.000.

Sportsavisa The Athletic meinte at 20–30.000 av dei som var inne på tribunane, aldri fekk sjå kampen, fordi dei drukna i den enorme folkemengda.

Det var sjanselaust å starte kampen klokka 15.00. Det var tilskodarar overalt. Anslag går ut på at 10–15.000 var inne på grasmatta.

– På det tidspunkt var eg sikker på at det ikkje kom til å bli sparka ein ball den dagen, skreiv The Athletic.

Oppfordring frå kongen

Kong George, Wembley 1923

KONGEN: Kong George bad folket innstendig om å trekke saman og ut av bana

Kong Georg var sjølvsagt til stades. Han kom til fastsett tid klokka 14.45. Det var litt av eit syn då kongesongen blei spela og alle på stadion helsa kongen ved å løfte hatten.

– Så samordna at det såg ut til å vere regissert, skreiv The Athletic.

Men det løyste ikkje problemet med dei tusenvis som framleis var ute på grasteppet. Kongen oppmoda tilskodarane om å trekkje seg ut av bana. Men det var ikkje fysisk mogeleg å etterkome kongens bøn. Det var rett og slett ikkje plass.

Det såg alt anna enn lyst ut for å få avvikla tidenes første Wembley-finale.

Då var det George Scorey og hans politihest Billy dukka opp.

George og Billy

Wembley, George og Billy

STOR JIBB: George og Billy i ferd med å flytte tilskodarane pent og forsiktig ut av bana

Scorey var tidlegare soldat og offiser, som tre år tidlegare hadde blitt politikonstabel. Han hadde eigentleg fri denne laurdagen. Men han sa ja til å vere reservevakt, ein som skulle tørne ut ved behov.

Behov blei det til overmål. Store styrkar frå alle politistasjonane i området blei kalla ut.

George Scorey og avdelinga på 10–12 ekvipasjar han var leiar for, blei sende ut på bana for å rydde opp.

George og Billy hadde jobba saman i tre år, og var eit svært rutinert og godt samkøyrt par. George navigerte Billy forsiktig. Han pressa publikum varsamt tilbake, desimeter for desimeter. Det gjorde dei andre på laget hans også. Men det var George og Billy som blei lagt merke til.

«The White Horse Final»

Bolton -West Ham, Wembley 1923

KAMPEN: Fotballen drukna nesten i alt det andre som skjede, men Bolton blei til slutt cupmeister

Store Billy var ikkje kvit. Han var grå, men likevel lysare i fargen enn dei andre hestane. På svart-kvitt-bileta frå Wembley såg han kvit ut, og blei derfor lagt ekstra merke til i avisreportasjane. Derfor har kampen gått inn i historia som «The White Horse Final».

– Då vi navigerte oss ut på bana, såg eg berre eit hav av hovud. Dette er umogeleg, tenkte eg. Men så såg eg ei opning framfor eitt av måla, og vi kom oss dit. Billy var god. Med baken og med snuten greidde han å presse folka forsiktig tilbake steg for steg, til mållinja var klar, fortalde George Scorey til BBC mange år etterpå.

15–20 minutt etter planlagt avspark var det framleis mange tusen tilskodarar ute på matta. Likevel entra finalelaga bana så godt dei kunne, og gjekk i prosesjon opp mot kongetribuna der spelarane blei presenterte.

Helsa på kongen, og gjekk i garderoben igjen

Avspark Wembley 1923

ENDELEG: Dommar David Assen kunne til slutt setje kampen i gang. Men han våga ikkje å ta pause

Men dei måtte vente endå ein halvtime før dei kom i gang med kampen. Derfor måtte dei tilbake i garderoben.

45 minutt etter at kampen skulle ha starta, var siste tilskodaren endeleg utanfor spelebana. Kampen kunne endeleg ta til.

Det gjekk tre minutt. Så fekk West Ham innkast. Jack Tresadern greidde på eit vis å ta kastet, men han «sat fast» i tilskodarane.

Innkast til besvær

George og Billy

STASELEG: George og Billy blei ikon etter den kaotiske finaledagen

Foto: Metropolitan Police Service

Og med kastaren framleis vikla inn i publikum, blei det rom for Boltons David Jack, som hadde greidd å vinne ballen etter innkastet. Han fossa framover, og skotet frå 15 meter gjekk knallhardt i mål.

Så knallhardt at ein av tilskodarane som stod pressa inn mot nettet bak mål, fekk ballen i ansiktet og svima av. Han fall ikkje i bakken, det var det ikkje plass til. Men han blei teken hand om av dei som stod rundt han.

Fleire liknande episodar skjedde. Tilskodarane stod på sidelinja og dødlinja, det var knapt råd å sjå dei kvite strekane.

Våga ikkje å ta pause

Også spelet ute på bana bar preg av muren av publikum. Spelarane våga ikkje å gi alt i taklingane eller løpa ute ved linja. Frykta for kollisjon med tilskodarane var for stor.

Politiet og hestane måtte utpå igjen eit stykke ute i første omgang. Publikum var i ferd med å bli pressa over strekane igjen, og George, Billy og dei andre måtte på nytt i aksjon. Kampen kunne halde fram etter nokre minutts avbrot.

Dommaren tok ikkje sjanse på å ha pause. Straks første omgang var over, bytte laga side og gjekk direkte laus på andre omgang.

I stolpen eller i publikum?

Det skulle ende med 2-0, etter ei kontroversiell scoring tidleg i andre omgang.

John Smith sende av garde eit skot frå spiss vinkel, og ballen spratt ut på bana igjen.

– Mål, sa dommar David Asson. – Stolpeskot, ropa West Ham-spelarane.

Dommaren meinte nemleg at ballen gjekk i nettveggen inne i mål, like bak stolpen. Der stod publikum hardpakka som ein vegg, og ballen spratt ut igjen på bana. Men altså etter å ha vore over streken, etter dommaren si meining.

– Skammeleg fiasko

Kritikken mot arrangøren etterpå var naturleg nok massiv.

– Det var ein skammeleg fiasko. At kampen kunne bli spela, var eit mirakel, skreiv signaturen Tityrus i sportsavisa The Athletic.

– Når det gjekk bra, skuldast det taktfullt og tolmodig politiarbeid og eit publikum som trass alt heldt seg roleg.

Pall Mall om Wembley

KRITIKK: Kaoset på Wembley fekk naturleg nok skarp kritikk i avisene

Ein kommentator i The Times slo under overskrifta The Madding Crowd (den galne folkemengda) fast at sport «kan skape monster like stygge som Frankensteins».

– Den kolossale konsentrasjonen av folk på Wembley var eit resultat av massesuggesjon, skreiv den ikkje namngjevne kommentatoren, og skulda på alt pressa hadde skrive om det nye stadionet i lang tid før finalen.

Livsvarig fribillett – men brukte han aldri

Men den mest betydelege konsekvensen var at det for all ettertid berre blei mogeleg å førehandskjøpe billettar til cupfinalar på Wembley.

Og George Scorey? Han fekk tilbod om livstidsbillett på kampar på Wembley.

Men han nytta seg ikkje av det ein einaste gong. Han var nemleg fullstendig uinteressert i fotball.

Etter finalen i 1923 fekk han mange ulike invitasjonar til offentlege tilstellingar, men takka nei til alle. Han var ikkje glad i merksemd, og prioriterte privatlivet. Derfor gjekk han raskt tilbake til vanleg polititeneste med Billy.

Han var også trompetist i The Metropolitan Police Band, som ofte underheldt på hesteshow. Der var også gjerne Billy med.

George Scorey død - avis

DØDSFALL: George Scorey var 82 år då han døydde i 1965

Foto: Daily Mirror

Billy døydde i desember 1930. Til hans minne gav politisjefen George Scorey eit sølvkanta blekkhus, laga av ein av Billys hovar. Blekkhuset står i dag utstilt i hesteavdelinga i politimuseet i London.

George Scorey døydde i 1965, 82 år gammal.

Då Wembley blei ombygd tidleg på 2000-talet, fekk ei av gangbruene inn til stadion namnet «The White Horse Bridge».

Gode trygge Billy hadde fått sitt minnesmerke.

Siste nytt

  • Bekreftet: Trener Eirik Horneland forlenget kontrakten med Brann

    Fotballklubben Brann er enig med trener Eirik Horneland og resten av hans team om nye avtaler.

    Klubben melder selv om signeringene i sine mediekanaler.

    – Vi er veldig glade for at vi har fått med hele trenerteamet på nye og lengre kontrakter. Det er et unikt fellesskap i trenergruppen, og de fungerer veldig godt sammen, sier sportslig leder i Brann, Per-Ove Ludvigsen.

    – De har komplementære ferdigheter og samarbeider godt både på det menneskelige og det faglige. Det er en ambisiøs gruppe som vi er veldig fornøyd med å ha med oss i de kommende årene, legger han til.

    Hassan El Fakiri (toppspillerutvikler), Helge Haugen (fysisk trener), Dan Riisnes (keepertrener) og Daniel Nordheim Pedersen (analyse) har i likhet med Horneland forlenget avtalen ut 2026.

    – Det er en voldsom trivsel, og det er utrolig kjekt å jobbe med alle som er i Brann. Spillere, støtteapparatet, administrasjonen og styret. I tillegg er det en enorm entusiasme rundt klubben med folk som er lidenskapelig interessert. Den entusiasmen betyr mye, og det er utrolig kjekt å jobbe med her når klubben betyr så mye for så mange, sier Horneland.

    Han har vært i Brann siden 2020, først som assistenttrener for Kåre Ingebrigtsen. Deretter fikk Horneland selv jobben som sjef.

    – Det er dyktige folk i støtteapparatet, og vi har vokst nært hverandre. Det er flinke folk, og vi utfyller hverandre, så det er en fantastisk gjeng å jobbe med, sier Horneland.

    49-åringen har tidligere ledet Rosenborg og Haugesund samt Norges G18-landslag.

    (©NTB)

    Eirik Horneland etter kamp mot Strømsgodset.
    Foto: Oddgeir Øystese / NRK
  • Hafjell og Kvitfjell får nye verdenscuprenn

    Hafjell og Kvitfjell har fått tildelt sju verdenscuprenn i alpint i februar og mars 2025.

    Det ble etter det NRK kjenner til vedtatt i dagens møte i alpinkomiteen i Det internasjonale ski- og snowboardforbundet.

    Kvitfjell skal arrangere fartsøvelsene for kvinner og menn, men i tillegg får Hafjell tildelt de tekniske øvelsene for menn. Verdenscuprennene arrangeres uke 9, 10 og 11 i 2025.

    Henrik Kristoffersen
    Foto: AP
  • Tuchel med England-flørt: – Jeg elsket det

    Bayern München-manager Thomas Tuchel gjør alt annet enn å avvise at en retur til engelsk fotball kan være aktuelt.

    Tuchel forlater Bayern München-jobben etter denne sesongen. Avgjørelsen ligger tilsynelatende fast selv om klubben skulle ende med å vinne finalen i Champions League.

    En mulig retur til engelsk fotball lokker åpenbart.

    – Jeg vil helst ikke svare på det …, men det er ingen hemmelighet at jeg elsket å være i Chelsea. Jeg elsket England, og jeg elsket Premier League, sier den 50 år gamle tyskeren i et intervju med TNT sports.

    Et klarere England-friere skal det godt gjøres å finne. Tuchel tok Chelsea til seier i Champions League i 2022 før han byttet til Bayern München. Også der hadde han en kontrakt som opprinnelig strakte seg to år lenger fram i tid.

    Tuchel fikk beskjed allerede i februar om at tiden hans i Bayern München var over, ett år før kontrakten hans går ut i 2025. De høye herrer i den tyske klubben kunne ikke akseptere at de var helt kjørt av lasset i kampen mot årets tyske seriemesterskap.

    Tuchel sier at den avgjørelsen er endelig, selv om utfallet skulle bli at Bayern slår Real Madrid i semifinalen og tar seg til finale mot Borussia Dortmund i Champions League.

    – Det er veldig usannsynlig at jeg fortsetter i Bayern München. Vi er enige om en avtale, og initiativet om at jeg skulle slutte kom fra klubben, sier Tuchel.

    (©NTB)

    Tuchel
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal