– Eg bestemte meg for å gå for gull eller ta konsekvensen av det. Eg stivna godt på slutten, men eg trur eg sette ein støkk i konkurrentane etter 300 meter, seier ein smørblid Warholm til NRK etter kampen.
For gjennom den siste svingen låg Warholm godt framme, men så gjekk det gale for 20-åringen. Han kom borti den eine hekken og mista balansen, og trass i at han heldt seg på beina mista han mykje fart og stivna på oppløpet.
– Då mista eg det. Eg kom ut av balanse og så bomma eg på stega inn til mål, seier 20-åringen.
- Les også:
- Les også:
– For ein løpar
Han vart til slutt nummer seks, på tida 49,82. Han hadde sju tidelar opp til Kariem Hussein som tok bronsen, medan Yasmain Copello Escobar tok gullet. Sergio Fernandez vart nummer to.
– Eg gjekk for gull og står for det. Eg beklagar at det ikkje vart medalje, men eg er nøgd, seier Warholm.
Også sportssjefen i friidrettsforbundet, Ronny Nilsen, var glad for Warholms løp.
– Vi fekk kanskje litt stor forhåpningar etter superløpet i går, men ein sjetteplass i sitt første senior-EM, det står det respekt av. For ein løpar, seier Nilsen.
I går sette han ny norsk rekord, og tok OL-kravet med 48,84 på distansen. Det var nest best av alle tidene i dei to heata i går.