– Det er heilt uverkeleg. Det var veldig, veldig artig då det gjekk opp for meg at det vart gull, seier Lundanes til NRK like etter løpet.
Vann etter diskvalifisisering
Først såg det ut for at Thierry Gueorgiou hadde vunne, men franskmannen vart diskvalifisert for å ha hoppa over post nummer 6. Det var dermed ei dramatisk avslutning på løpet då resultatlista måtte gjerast om på.
– Det kjenst litt spesielt å vinne på denne måten, men han har trass alt hoppa over ein post og stelt litt tid, seier gullvinnaren.
Lundanes, med startnummer 181, sprang eit fabelaktig løp. 26-åringen fekk det tøft mot slutten, og det så lenge ut som at han kom over tida til sveitsiske Fabian Hertner. Men Lundanes beit tenna saman og sprang i mål på tida 38.12. 18 sekund før Hertner. Bronsemedaljen gjekk til ukrainske Oleksander Kratov.
Jaktar på fleire medaljar
Frå før av har Lundanes ein bronsemedalje i langdistanse frå VM-meisterskapet i Campomulo i Italia. Laurdag skal ålesundaren springe stafett i verdsmeisterskapet.
– Det byr på nye gode medaljemoglegheiter, så det vert artig, seier orienteringsløparen med eit breitt smil.
- Les også: