Hopp til innhold

Hansen får støtte av topputøvar

Mangekjempar Karsten Warholm støttar Svein Arne Hansen og meiner friidrettspresidenten var langt frå synleg rusa under banketten etter lag-EM.

Karsten Warholm

IKKJE EINIG: Stortalentet Karsten Warholm kjenner seg ikkje igjen i at friidrettspresident Svein Arne Hansen skal ha vore synleg rusa.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Svein Arne Hansen

I HARDT VÊR: Svein Arne Hansen blir skulda for upassande åtferd etter lag-EM i Tsjeboksary i juni.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Det er stikk i strid med brevet som TV2 i går fyrst omtalte. I etterkant av lag-EM i Russland blei det sendt eit brev til den sportslege leiinga i Norges Friidrettsforbund frå ei tilsynelatande samla utøvargruppe som klagar på det dei kallar «uakseptabel» åtferd frå friidrettspresident Svein Arne Hansen på banketten under lag-EM.

Ingen samla utøvargruppe

Etter det NRK erfarer blei det servert store mengder alkohol under banketten og fleire utøvarar var synleg rusa.

Det kan mangekjempar og ein av Noregs nye friidrettsprofilar, Karsten Warholm, bekrefte. Han kjenner seg heller ikkje igjen i skuldingane i brevet og meiner saka har blitt mykje større enn den eigentleg var.

– Eg oppfatta ikkje Svein Arne som full i det heile teke. Han kom bort til meg og sa han skulle ta ein tidleg kveld, fortel Warholm.

Svein Arne Hansen nekta i går sjølv for skuldingane som kom frå to av utøvarane.

– Eg var ikkje full og desse skuldingane har ingen rot i verkelegheita. Eg heldt tale og drakk berre ein øl i løpet av kvelden, sa Hansen i går til NRK.

LES SAKA: Kritiserer friidrettspresidenten etter bankett i Russland

Bør ha eit regelsett

Vebjørn Rodal

UHELDIG: NRKs friidrettsekspert meiner banketten etter Lag-EM i Russland vitnar om at fleire utøvarar har litt å gå på og ikkje har dei riktige haldningane.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal meiner ein slik bankett uansett er svært uheldig rett før den viktigaste konkurranseperioden for alle dei norske utøvarane.

– Å drikke alkohol midt i sesongen er ikkje spesielt heldig, det har me sett mange eksempel på. I mine auger handlar ikkje dette om toppidrettshaldningar når dei største oppgåvene framleis står framfor utøvarane, seier Rodal.

Han meiner dette er noko friidrettsforbundet må ta konsekvens av.

– Det bør vere enkelt å lage eit regelsett som seier at ein ikkje nyt alkohol på turar i regi av Norges friidrettsforbund.

Meiner rutinene er gode nok

Visepresident i friidrettsforbundet, Tore Hordnes meiner forbundet allereie har gode nok retningslinjer.

– Me har hatt retningslinjer i mange år som blir sendt ut før alle meisterskap. Der står det mellom anna at på seniormeisterskap skal ingen vere synleg rusa medan det er totalforbod mot alkohol i juniormeisterskap.

Men ut i frå brevet som blei sendt til friidrettsforbundet verkar det ikkje som om utøvarane er klar over desse retningslinjene?

– Eg trur kanskje ikkje at det er dette dei tenkjer på, men at dei er meir opptekne av handheving og oppfylgjing av regelverket, seier Hordnes som vidare fortel at dei kjem til å ta saka opp på neste styremøte under NM i Haugesund i starten av august.

Utøvarar som NRK har vore i kontakt med bekreftar også at det ikkje har vore klare retningslinjer når det gjeld alkohol ved representasjon i meisterskap.

Siste nytt

  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal